Dei fire kornettistane fekk æra av
å opne konserten. Vi fekk så
høyre dei andre gruppene som er
første- eller andreårs aspirantar
til Skulekorpset. Det vart mykje fin musikk
frå både klarinettistane,
fløytene, saksofonen og karane på
slagverk.
Stordal Musikkskule har mange talent og
mange lærarar, men kjøper
også lærerkrefter frå
Ålesund. Dette er tilfelle med fiolin
og cello. Også her er det
rekruttering, Julia har enno ikkje starta i
musikkskulen, men spelte eit vakkert stykke
på fiolin.
|
|
Sist men ikkje minst fekk vi høyre
elevane på piano. Desse har hatt Inna
Krinica som lærar, og kunne glede oss
med variert og fengande musikk. Med god
hjelp frå læremeisteren, spelte
dei også firhendig! Slett ikkje verst
etter eit år i lære.
Stordalingar - ver stolt av ungane. Her er
mykje talent. Musikk og kultur gjer livet
rikare, og ungane er framtida vår!
|
|