Fredag var det samling på
Trollkyrkjegarden. Mange frå bygdene
kring dette fjellområde hadde teke
turen inn.
Laurdagen var det Kvitlane som sto for tur,
med gammal seterkultur som tema. Her fekk
dei mange besøkande oppleve ysting,
gamle handarbeidstradisjonar og sjå
inn i det gamle Andersselet. Spesielt moro
var det å smake på gamle
matrettar, som til dømes
mysebrøm. Ved elva var det høve
for ungane å prøve gullgraving,
skyting med pil og boge eller ta ein
raftetur på elva. Ein vikingleir var
også plassert her for anledninga.
Utpå ettermiddagen kom hesteopptoget,
eit verkelig flott skue. Arrangør
Stordal Sogelag hadde samla saman eit
ti-tals gamle hestevogner, og nokre av
desse fekk vi sjå med staute
fjordingar spennt føre. Til glede for
dei yngste, vart det høve til
både å få sitje på vogn
og å ri på hest etterpå.
Hestekarane, som også var i aksjon
under den store hesteferda, ga
demonstrasjon på oppsaling og bruk av
hest.
Søndagen var ikkje vergudane på
lag, men likevel var det ein del folk som
tok turen opp på Pusken. Prost
Kjølberg held gudsteneste, Tonika og
Stordal Hornmusikk sto for det musikalske.
Etter at folk fekk varme seg med brennsnut
og rømmegraut, sirupsnittar og kaffi
frå lokale produsentar, tok songgruppa
Infinity opp tonen. Denne gruppa med seks
damer frå Ålesund imponerte oss
med flott a’capella song. Her var det
mykje fint for øyra, frå kulokk
til ABBA. Stordal Hornmusikk spelte så
opp, og hadde fått med seg Intermezzo;
to karar med trompet og gitar. Her fekk vi
høyre improvisasjon frå
Intermezzo. Desse to karane forsatte med
eigne nummer, og rakk så vidt å
spele ferdig, før regnet verkeleg
auste ned.
|