Kulturprisen 2005
Kulturprisen gjekk i år til to aktive damer
som har gjordt ein fantastisk innsats for barn og
unge gjennom mange år; Marna Overøye og
Kirsti Almås.
Det var ordførar Charles Tøsse som
delte ut prisen under eit arrangement på
bedehuset fredag den 11. november.
- Det er to personar som har vore aktive spesielt
her på bedehuset. Dei har halde på i
lang tid og gjort slik at mange barn og unge har
fått vere med i mange år, eg er sikker
på at både foreldre og besteforeldre av
ungar som er her i dag, har vore med, sa
ordføraren.
Bedehuset var også arena for konsert med
barnekoret denne kvelden, der dei framførte
historia om Farao og Moses.
|