Til øvingshelga hadde dei besøk
av korpsa frå Harøy og
Aspøy. Dei øvde inn 8 nummer, som
vart framførde på søndag
ettermiddag. Her fekk publikum høyre
både koreansk og amerikansk
"folkemusikk" og marsjar. Det var verkeleg
imponerande å bli så flinke berre
på to dagar! Til å hjelpe seg
hadde dei dirigent Lars Kaggerud, Jarle
Helgesen og Pål Amdam(trommis frå
Vestnorge).
Også aspirantane spelte to flotte
musikkstykker. Beate Kaggerud hadde hatt
ansvaret for aspirantane, som berre har
spelt instrument i eit halvt år.
Det var sjølvsagt ikkje berre hardt
arbeid på øvingshelga. Borna
hadde fått klatra, skote, hoppa
trampoline, spelt volleyball og bada i
svømmehallen. Dei aller yngste hadde
også eigen akekonkurranse. Laurdagen
vart avslutta med diskotek.
|