Konsert med Julestemning
Musikklivet i Stordal viste seg frå si
mangfoldige side under Adventskonserten
søndag ettermiddag.
Skulekorpset opna konserten med ”Deilig er
den himmel blå”. Først vart og
forsiktig fløyte- og klarinettspel, før
Jeanett vekte oss med ein kraftig trommesolo.
Så fekk vi høyre ein vakker og
stemingsfull versjon av ”Mitt hjerte alltid
vanker” med Joon på klarinettsolo.
Roger Lillebø var konfransier og ønskte
oss alle velkomne.
Stordal Barnekor sjarmerte oss alle i senk med
sine julesongar. Frå ”Josef og
Maria” til ”Det lyser i stille
grender” der mange av barna sang solo.
Ursula Vos gleda oss med sin vakre sopranstemme
og framførte ”Marias sønn”.
Kristofer Olai Stavseng spelte Sonate nr. 1 for
cello av J.S. Bach.
Stordalskvartetten er også i år fem
stykker, og sang ”Høyr Guds englar
kved i kor”. I songen ”Se så
fin!” hadde dei fått forsterkningar
frå Barnekoret. Julie Olsen Almås og
Mathilde Øvrebust sine lyse stemmar i flott
kontrast til dei djupe mannsstemmane.
Tilhøyrarane fekk også prøve
sangstemma i eit par julesongar, og Nils Beite
held andakt. Larissa Mikkelsen spelte ein fin
variasjon av ”Stille natt, hellige
natt” på orgel.
Tonika hadde fått med seg høgtidlege
trompetfanfarer i sin julesang
”Hosianna”. I tillegg akkompagnerte
Larissa Mikkelsen på orgel.
Tilhøyrarane kom riktig i julestemning
når vi fekk høyre ”Eg synger
julekvad” og ”Å, du
salige”.
Kristina Malene Stavseng og Inna Krinica på
fiolin og piano, framførte veldig vakkert 3.
sats av Fiolinkonsert i A-moll av J.S. Bach.
Som tradisjonen er, avslutta Hornmusikken
konserten. Først med ”The first
Noel” og så eit potpourri med
amerikanske songar;”A Christmas
celebration”. Heilt sist kom ”Deilig
er jorden” med allsang og hornmusikk.
Alle kunne så gå heimatt med julefred,
etter denne velfortente og koselege pausen i
julestria. Endå til litt julesnø hadde
blitt strødd over landskapet denne kvelden.
|