Koldtbord frå SKRUK
Det var ein variert acapella konsert i Rosekyrkja
publikum fekk høyre på fredagskvelden.
Eller som Per Oddvar ”Prots” Hildre
uttrykkte det: eit ”koldtbord” med
alle slags rettar.
SKRUK er på turné, og kunne denne
gongen legge konserten sin til Stordal. Dette
mykje takka vere Odd Johan Overøye, som har
ein del samarbeid med koret. Overøye har
komponert eit tingingsverk for koret,
”Åndeleg sjømannssong” av
Jakob Sande. Dette var eit av dei musikalske
opplevingane publikum fekk denne kvelden.
SKRUK hadde ein litt mindre arena å boltre
seg på enn dei er vande med, og dette
resulterte i eit spennande oppsett. Songarane var
tidvis plassert i midtgangen og ut på
sidebenkane i kyrkja, noko som ga ein unik klang
frå koret. Dette fekk vi høyre i blant
anna opningssalmen, ”We shall walk in
peace”.
Høgdepunkta stod i kø. Det var alt
frå renessansemusikk til salmar og
bedehussongar. To verkelege høgdepunkt var
salmane ”Eg veit i himmelrik ei borg”
og ”Med Jesus vil eg fare”. Den siste
hadde tonen frå ein folketone frå
Sykkylven. Veldig flott arrangert og med eit
særs dyktig kor.
Kyrkja var som venta heilt full, og Kyrkjehola
Kulturbeite kan nyte godt av nok ein suksess. Eva
Hove i arrangementskomiteen takka koret og Prots
for opptreden, og håpte at denne spesielle
konsertarenaen hadde også gitt koret ei
spesiell oppleving.
|