Kalde dagar
Det er godt å vere innomhus no når
gradestokken kryp nedover.
Vi har no heile veka hatt minusgrader på
15-16. Svært uvanleg for oss
sunnmøringar, som er meir vande med regn og
sludd.
Men vakkert er det, då. Når vi ser sola
nærme seg på dagane, det blir lysare,
måneskin og ein uhorveleg mengde stjerner
på kveldane. Fjorden ser trollsk ut med eit
lag frostrøyk.
Det er heldigvis meldt litt varmare, om enn ikkje
plussgrader. Får vi 3 - 4 minusgrader,
så kanskje vi greier å kome oss ut og
nyte vinteren og godveret. Snakkast i løypa!
Link til Storm
|