Julekonsert i Stordal kyrkje.
Fin julekonsert i Stordal Kyrkje 18.12.2005.
Det var mange som møtte fram til den
etterkvart tradisjonelle kyrkjekonserten i
Stordal kyrkje fjerde søndag i advent.
Der fekk dei ei minnerik stund med
framføring av song og musikk av ulike
aktørar i Stordal; Stordal skulekorps,
barnekoret Unge Røyster, Kristina Malene
Stavseng på fiolin, Maria Holand Tøsse
som sang, Kristoffer Olai Stavseng på cello,
Larissa Mikkelsen på kyrkjeorgelet, Marianne
Ravn Stavseng som sang, koret Tonika, Terje Aasen
som sang og Stordal hornmusikklag. Inna Krinicka
akkompagnerte til mange av innslaga på
piano.
I tillegg var det fellesnummer for alle; "Det
lyser i stille grender" og "Deilig er jorden", og
midtveis i programmet heldt prest Nils Beite "Ord
for dagen".
Arrangør i år var Stordal
hornmusikklag, dette er ei oppgåve som gjeng
på omgang mellom dei ulike laga.
Hadde ein ikkje fått føling med jula
før, så forlot ein iallefall denne
konserten i god julestemning.
|