Julegrantenning
Til tonane frå Stordal Skulekorps, vart
julegrana tend søndag kveld.
Det var ikkje mykje som minna om desember og
vinter denne kvelden. Vi las av 10 varmegrader
på målaren, sjølv om vinden var
kald. Likevel var mange samla på
Almenningen.
Maria Holand Tøsse starta med nokre vakre
julesongar. Julegrana vart tend, og små og
store gjekk rundt treet medan Skulekorpset
spelte. Skulekorpset med nissehuer for anledninga
. Dei små regndropane som kom, gjorde
ingenting.
Barn er opptatt av tradisjonar, og sakna
Julenissen denne kvelden. Han har no vore snill
og kome med mandarinar tidlegare. Bøna
frå Stordalsbarna var: kan nissen kome igjen
til neste år?
|