Fasinerande Jon Eikemo i Rosekyrkja
Det er i år 100 år sidan Jakob Sande
vart født, og dette ville Kyrkjehola
Kulturbeite feire med framsyninga "Jakob Sande og
Jon Eikemo, trur eg..." Og det gjorde dei til
gagns. I to timar bergtok Jon Eikemo publikum i
Rosekyrkja.
Jon Eikemo med Aage Vaksdal på trekkspel og
piano, starta friskt og humoristisk med "Simon i
støa", om korleis han prøvde å ta
livet av katten. Og slik fortsatte det. Vi fekk
høyre alle dei kjende dikta blanda med litt
meir ukjende. Jon Eikemo batt det heile saman med
historier frå "Jakoben" sitt liv, og
små dialogar mellom han sjølv og Aage
Vaksdal.
Og vi publikumarane sat trollbundne. Vi
gløymde heilt dei vonde benkane i
Rosekyrkja, og lo og gret saman med Eikemo. Vi
fekk høyre mjuke voggesongar som gjekk oss i
hjartet og det makabre diktet "Likfunn" som ga
oss ekle grøss. Vi fekk fylgje Daniel som
førstereisgut og endeleg kom "Etter ein
rangel". Det er vel ingen som kan framføre
"I morgon skal eg starta eit nytt og betre liv,
trur eg..." med meir innleving enn Jon Eikemo. At
han ved nokre høve kom ut av teksten, tilgir
vi han så gjerne.
Arrangementkomiteen ved Leif Dybdal kan fortelle
at Eikemo og fylgje hans var godt nøgde med
framstillinga. Dei synest kyrkjerommet gav ei
svært spesiell ramme rundt programmet.
Korkje lyd, lys eller rekvisita var slik dei
pleier å ha det, men løysingane som
vart valde var dei godt nøgde med. Dei var
sjølvsagt strålande glade for det store
frammøtet. Det vart selt om lag 270
billettar og mange fekk stå i
våpenhuset og ute utan billett sidan dei
ikkje fekk sitjeplassar. Ca 300 var til stades.
- Elles var Eikemo etter førestillinga mest
oppteken av Stordal, som han syntest var eit
større dalføre enn hadde sett føre
seg. Han hadde lagt merke til at det var fine
gardsbruk i dalen. Han har sjølv vore
gardbrukar og var tydeleg interessert i dette,
avsluttar Leif Dybdal.
Vi i Stordalsportalen vil gratulere Kulturbeite
med nok ein suksess og takke for den fantastiske
innsatsen dei gjer for kulturen i Stordal.
Foto: John Kristian Hjelle
|