John Peder Hove æresmedlem i
Båteigarlaget
Det er mange dugnadssjeler her i Stordal, men
nokre gjer ein innsats utover det vanlege. Ekstra
kjekt er det når denne personen får
utmerkingar.
John Peder Hove fekk den velfortente utmerkinga
på årsmøtet til Stordal
Båteigarlag fredag 28. mars. I grunngjevinga
til styret heiter det:
"Han har gjort ein kjempejobb sidan laget vart
starta 27. mai 1986. I 22 år har han vore
med i valgkomiteen, hamnestyre, hamnesjef, i
styret som formann og nestformann, og vi
håper han fortsetter i mange år enda.
Men det er ikkje berre for desse fine
”titlane og verva” han får
diplom.
Det er enkelt å kome inn og site i styre og
stell og vere på dugnadsarbeid av og til, og
så verte ferdig med det. Det som er det
store arbeidet er den daglige drifta av laget.
Passe på at alt er i orden – reparere
det som trengs – skru på og av vatn
– straum - ta seg av kundane på
gjestebrygga – vaske hus og ikkje minst -
Ta ansvar for laget.
Her er kanskje mange som har gjort ein god jobb i
laget som burde ha vore æresmedlemmar, men
vi er overbevist om at ikkje nokon har gjort
så mykje for laget som John."
Stordalsportalen gratulerer John med den
velfortente utmerkinga.
Les meir om Båteigarlaget og
Æresmedlemmen på heimesidene.
|