James Bond i Stordalshallen
Det var full trøkk da eit samansett orkester
av Stordal og Valldal hornmusikklag heldt konsert
i Stordalshallen med musikk frå James
Bond-filmane laurdag 03.02.2007.
Med solistar, kordamer, komp og konferansier
Terje Aasen tok dei to hornmusikklaga
tilhørarane med på ein musikalsk
rundtur gjennom historia til James Bond-filmane,
heilt frå byrjinga av 1960-talet og fram til
våre dagar. Eit vellukka samarbeid mellom
desse to hornmusikklaga som også kjenner
kvarandre godt frå før. Under
korpscupen i Molde i oktober oppnådde dei
saman ein 3. plass i andre divisjon. Solistar
under konserten i Stordalshallen var Peder
Vikenes, Ingunn Drabløs, Odd Leif Tomren,
Beate Kaggerud, Therese Myklebust og Elin
Dyrkorn, mens Grete K. Andersen, Therese
Myklebust og Beate Kaggerud utgjorde koret. Ivar
Holsvik, Kjetil Strand og Andreas Torvik stod for
kompet.
Nedanfor viser vi nokre bilder tekne på
konserten. Alle bilda er tekne av Steinar
Dyrkorn.
|