Godt Nytt År 2007!
Då var 2006 historie, og vi ønsker det
nye året velkoment.
Nyttårsaftan var som normalt i Stordal,
rimeleg roligt. Eit par fakkeltog var ute og
gjekk på kvelden, litt festligheiter var det
og rakettar ved midnatt (sjølv om det alltid
er nokon som ikkje greier å vente så
lenge...)
Jula og romjula har vel også vore stille og
fredeleg (bortsett frå ein og annan
nyttårssalutt). Vi har merka oss at
snøen har svikta oss i år. Til glede
for dei som mokar og til fortviling for dei som
gjerne vil gå på ski. Men som den gode
Stordaling vi er, tek vi beina fatt på tur
likevel.
Stordalsportalen har no vore i drift i
snart eitt år. Vi er framleis ein
dugnadsgjeng som gjer vårt beste for
at innhald og den tekniske ramma skal
fungere. Vi har hatt eit hackerangrep, som
har ført til at ein del av innhaldet
”slo seg på tverke”.
Framleis er dette noko vi jobbar med å
rette på.
Vi vil nytte høvet til å takke
alle som er med på å støtte
portalen; lesarar, aktørar og
innhaldsleverandørar. Vi ønsker
gjerne å motta meir stoff vi kan legge
inn; det vere seg bilder eller artiklar. Vi
ønsker oss også fleire som kan
stille opp som journalistar. Ikkje
nødvendigvis proffar på
området, men nokon som har interesse
av og er glad i å skrive litt. Ta
kontakt.
|
Ved Storevatnet romjula 2006
Foto: Johan Vinje
|
Tilslutt vil vi i Stordalsportalen vil
ønske deg eit framgangsrikt nytt år
2007.
|