Frisk start
Då var juleribba fortært, og vi kan
tenkje litt på kvardagen igjen!
Er tida er komen for å forbrenne litt
kaloriar som har lagt seg litt her og der? Ta ein
titt på øvings- og treningstider
som ligg ute på Stordal Kommune sine
nettsider. Vi ser at nokre nye tilbod har kome
med, som t.d. Tae Kwon Do og Aerobictrening.
Stordal Treningsenter har ope nesten kvar dag,
nærare informasjon finn du på heimesida deira.
Flott natur og fine høve for
utandørsaktivitetar er det også no.
Sjekk heimesida til Arena Overøye for alpine
utfordringar, eller ta deg ein tur på
bortoverski på Langsætrane eller i
lysløypa på Stavsengfjellet.
Der er også mange aktivitetar innan song og
musikk, skyting og bading.
Oppmodinga er: Finn på noko nytt i
år!
|