Første skuledag
Det var mange spente ungar somm møtte opp
på skulen torsdag, mange med nye ranslar og
penal. Første skuledag er ein stor dag,
ikkje minst for dei som skal byrje i 1. klasse.
Rektor Bjørnar Midtbust ønskte velkomen
til elevane og dei av foreldra som hadde
møtt opp i Grendasalen. Skulen tel i dag 134
elevar, og det er 10 meir enn i fjor. Fire nye
elevar har flytta til Stordal i sommar. Også
to nye lærarar skal byrje i år;
Oddbjørn Berge og Bjørn Egil Berge,
ikkje i slekt sjølv om det kan høyrest
slik ut.
Alle klassene med klasseforstandarar vart
presentert og måtte vise seg fram på
scena. 2. til 5. klasse vart utfordra av
Bjørnar til å synge eit potpurri dei
hadde lært til 17. mai i fjor. Det greidde
dei veldig godt.
Heilt tilslutt var det dei yngste elevane sin
tur. I første klasse er det i år 20
elevar, noko som er meir enn det har vore på
mange år. Elevane vart presentert og stilte
seg uredde opp på scena. Etterpå fekk
dei kome til klasserommet sitt, og fann plassane
sine. Alle var veldig flinke til å rette opp
handa når dei skulle svare på
spørsmål eller ville seie noko elles.
Det lover godt for 10 år på Stordal
Skule.
Førsteklassingane er:
1. rekke frå venstre: Tor-Erik Sæth
Nakken, Josefine Dyrkorn Alne, Synne Parr
Westerås, Henriette Lien, Marie Larsen
Stavseng, Emilie Sylte Hove, Lill Karin Bratland,
Vilde Lorgen Øvrebust, Katrin Nyli
Innselset, Marina Alette Johnsen Rønning og
Ingrid Soldal Vikane.
2. rekke frå venstre: lærar Hilde
Rødset, Marius Helland Helgesen, Oskar Vinje
Græsmo, Ådne Nakken, Patrik
Høiberg Aasen, Hogne Jordskar, Preben
Hauglid Tafjord, Lucas René van Zwieten,
Jonas Bonsaksen Remme, Mathias Hauglid Tafjord og
lærar Ingrid Røren.
|