Flinke og musikalske born
Mange flinke og musikalske born frå
Musikkskulen, fekk vise kva dei hadde lært i
løpet av året.
Rektor Bjørnar Midtbust ønskte velkomen
og leia konserten. Det er heile 25 born som har
vore elevar i musikkskulen dette året, og
nesten alle fekk framføre eit eller fleire
nummer. Nokre av borna spelar også fleire
instrument.
Vi fekk høyre dei dyktige pianoelevane til
Inna Krinicha, nokre spelte aleine, eller to
saman, og andre spelte firhendig med læraren
sin. Aspirantane til Skulekorpset imponerte
på bl.a. bariton, kornett, klarinett og
saksofon. Klarinettgruppa hadde endatil
cowboydans på programmet sitt. Nokre få
har fiolin til instrument, og desse reiser utover
til byen på øving.
Mykje fin musisering denne kvelden, og det lover
godt for rekrutteringa til musikklivet i
bygda.
|