Fin opning av Stordalstunet
Laurdag var det opning av Stordalstunet, og mykje
folk var møtt opp.
Ingrid Løset ønskte velkomen til dei
framøtte, og Tonika og Hornmusikken starta
med ein felles framføring av Stordalsongen.
Det vart litt meir musikk, for Ingrid Løset
fortalde meir frå histria til gamleheimen.
Det var kuriositetar, slik som at det aller
første bygget kosta litt over 10 000 å
bygge!
Leiar i byggnemnda, Sindre Helland sa litt om
sjølve byggeprosessen. Dei hadde heile tida
lagt vekt på at eventuelle overskridingar
skulle vedtakast politisk, før dei vart
gjennomført. Det sto enno att litt på
utsida, mellom anna tilsåing av plen som
må gjerast til våren. Også statua
"Liv og vatn" skal etterkvar på plass.
Ordførar Charles Tøsse hadde også
litt å fortelje, før han erklærte
Stordalstunet offisielt opna. Dei ansatte og
beboarane vart æra for det tolmodet dei
hadde under byggeprosessen. Dei har haldt ut med
bråk og omflyttingar på ein veldig god
måte.
Det vart så fleire musikkinnslag med
Kristoffer Olai Stavseng og Inna Krinicha og
Maria Holan Tøsse.
Tilslutt vart det etter god
sunnmørstradisjon, kaffi og kaker til dei
frammøtte, og høve til å sjå
seg litt rundt på ”heimen”. Det
var kommentert at det var nesten som ein skulle
ønske at ein kunne flytte inn allereie.
|