Fantastisk 17. mai i Stordal
Stordalingane kunne vakne til ein strålande
fin 17. mai, med det beste vêret i heile
landet.
Saluttane gjekk som planlagt kl. 10.45, og
eit for anledningen samanslått
Skulekorps og Hornmusikk, spelte
Fedrelandssongen før toget starta. Det
vart også ein sving innom
Stordalstunet, slik at dei gamle også
kunne kose seg med song og musikk frå
Tonika og Skulekorpset/Hornmusikken.
|
|
Ved Rosekyrkja sto isseljarane klar. Tale for
dagen var ved Gert Rietman, nederlendaren som har
jobba med å skaffe fleire innbyggarar til
bl.a. Stordal. Han heldt ein flott tale, der han
samanligna 17. mai med nasjonale heilagdagar i
Nederland. Han kunne ikkje sjå noko som var
i nærleiken, noko som sjølvsagt varma
våre norske hjerter.
Gudstenesta var ved Nils Beite, som kunne ha
ønska seg fleire tilhøyrarar i kyrkja.
Det var god plass i Rosekyrkja denne dagen.
|
Feiringa held fram i Stordalshallen. Alle
aktivitetar var for sikkerheits skuld
flytta innandørs i år. Det var
dartkonkurranse og tradisjonelle leikar for
borna. Spesielt populært blant borna
var "sklia" som vert brukt til
hopptreningane. Anar vi stor rekruttering
til komande hoppsesong?
|
Familiefesten var det Anne Berit Løset
som leia. Her fekk vi høyre glade 17.
mai songar frå barnekoret,
etterfølgt av flott framføringar
på cello og fiolin av dei to Stavseng
søskena. Først ut var Kristoffer
Olai med "Vårsøg", og
etterpå spelte Kristina Malene
Løvland sin "Nocturne". Begge vart
akkompagnert av Inna Krinica. Så tok
ordførar Charles Tøsse ordet, og
kunne dele ut Stordal Kommune sin
kulturpris til Kristoffer Olai og Kristina
Malene. Det var vel fortent og hausta stor
applaus.
|
|
Tonika og Mannskvartetten framførte nokre
flotte nummer med norsk preg, før Terje Vang
avrunda familiefesten med litt lettare danseband
musikk. Alt i alt ein triveleg dag og kveld, og
all honnør til årets 17. mai komite med
strålande gjennomføring av
nasjonaldagen vår.
|