Ein uforgløymeleg kveld med Ole Paus
Ole Paus er ein kjent satiriker/låtskriver,
og ein kveld i Rosekyrkja saman med han var ei
oppleving av dei sjeldne.
Eva Hove frå Kyrkjehola Kulturbeite
ønskte publikum velkomne, med
spørsmål om nokon hadde vore på
konsert med Paus før. Ho spurde også om
nokon kunne noko av det Paus hadde skreve, og
nede frå salen vart det røysta i med ei
Ole Paus vise. Inn kjem så ein noko
overraska Ole Paus, imponert over velkomsten
frå songaren, som var Bjørnar Midtbust.
Men så tok Ole Paus over showet. Ei
forunderleg blanding av satire,
sjølvopplevde episodar og mang ei underleg
fundering over livet. Ole Paus song om
”Tusjen og Porsjen”, ”Nå
kommer jeg og tar deg” og ”Ikke
gjør som mora di sier”. Ei fin
blanding av det han har komponert sjølv, og
litt som andre har skrive. Han har spurt Leonhard
Cohnen om å få oversette
”Hallelujah” til norsk, og det fekk
han lov til. Framføringa var ganske ulik den
noko kommersialiserte versjonen vi er vand med.
”Musikkbransjens versting”, som han
kalte seg for omlag 30 år sidan, viste
også ei mjukare side, der han song salmar.
Ekstranummeret var ein vâr og hes ”O
bli hos meg” og dette var den tonen som ein
nynna på veg heim. For som Paus sa; ein av
dei sterkaste tekstane som finst, og – kan
vi tilføye – med ei unik
framføring.
|