”E døkke nejafør, ja”
Den 11. årsfesten for Stordalshallen kom vel
i hamn.
Prisutdelingar
Ordførar Charles Tøsse og
kulturkonsulent Hallgeir Hove opna det heile med
prisutdelingar.
Kulturprisen for 2007 var delt i to.
Knut Vinje fekk pris for sitt arbeid med
restaurering av Karnelesgarden. Ålesund
jeger- og fiskeforrening fekk likeins pris for
arbeidet med Korsedalen.
Kulturstipendet gjekk til fire lovande
utøvarar innan alpin; Erika Holand
Tøsse, Adrian Nakken, Vegard Busengdal og
Jørgen Vinje Tøsse. Alle fire har
utmerka seg med veldig gode resultat denne
sesongen.
Musikk og prologar
Ingjerd Øyen opna programdelen med å
slå fast at ”øss
nejaføringane e best”. Det vart
så musikk av høg klasse,
”People”framført av Marianne
Ravn Stavseng og Inna Krinicha, og dessutan
syskjena Stavseng med ein heftig ”Tango
Sjalusi”litt etter. Det var også song
av Einar Hove. ”Gammel er min fjord”
passar bra til ein ivrig fiskar.
Eldbjørg Busengdal framførte prologen
”Til herrane”, ein
skotårsprolog. Det var også ho som
hadde skrive ”Til heimbygda”, diktet
om Stordal som vart framført av Bjørg
Moltu. Til diktet følgde vakker musikk og
flotte bilete frå dalen.
Sketsjar og visjonar
Ingen årsfest utan skikkelege sketsjar, og
ramma rundt desse var nejaføringane sitt
hovudsete; bensinstasjonen. Her vart det snakka
om mangt og mykje, kor vanskeleg det var å
treffe opningstidene på offentlege kontor,
skrapesykje blandt folk og sau, Petter Stordalen
som vil byggje Spahotell og den overhengande
faren for at Handelslagsrevna skal rase ut.
Inga Bane kom og la fram planane om
høghastigheitsbane til Sunnmøre via
Lisjevatnet og Langsætrane. Slik at
Oslobygdarane kan kome hit på to timar og
oppleve den fine naturen langs bana.
Aktuelle tema frå fjernsynsruta vart tatt
opp, som til dømes buddahstatuer og munkar i
oransje gevantar. Linda frå programmet
”Norsk Attraksjon” hadde funne seg
ein strategisk lur plass, og fekk sjå munken
frå ein litt anna vinkel.
Vi fekk vere med på generalforsamlinga til
Placement Utvikling, som no har tømt
Nederland for folk, og må finne seg nye
arbeidsoppgåver. Løysninga her låg
i å flytte på folk i Stordalen, og
målet er at på slutten av året,
skal nesten ingen bo på same staden som dei
gjorde på starten av året. Når det
gjeld nejaføringane hadde dei lukkast
svært godt i 2007.
Pomp og prakt og Dalane neste
gong
Hymne til Stordalshallen med utdeling av
fløyter og flagg avslutta programdelen. Her
kom avsløringa om neste års
arrangør, som vart Dalane.
Meisterkokk Jan Arne Hove diska opp med ei
nydeleg kalkungryte. Gode og mette kunne folk
svinge seg til fengande rytmar frå
Dansebandet.
Ekstern link: Sjå diktet "Til Heimbygda"
som Ørskog Videoklubb har redigert.
|