Det vårast!
Det er med glede vi no registrerar fleire
kjærkomne vårteikn.
Først og fremst ser vi at dalen vår
endeleg går frå brunt til grønt.
Elvane veks seg høge og sender lovnad om at
no kan vi snart køyre på Sætrane
igjen. Bøndene mykrar og husmødrene
klagar over klesvasken som må takast ein
gong til.
Borna hiv det meste av klede og lurer på
når dei kan bade. Når vi har
strålande sol og 20 varmegrader i byrjinga
av mai, må det no snart gå an??
Fleire plakatar kjem opp om opne kioskar.
Både Kokarsteinen og Campingen stiller med
nye krefter i år. Og jaggu blir det ikkje
pub på Overøye også!
Då kan ein berre lene seg tilbake i dei
kvite plaststolane med grått belegg og nyte
livet. Vi går ei fantastisk flott tid
imøte.
|