Brann på Sæter Mek
Laurdag kveld brann det i gamle Sæter
Mekaniske, men heldigvis vart det ikkje alvorleg.
Det var klokka 21.00 at forbipasserande oppdaga
røyk frå den gamle verkstaden.
Verkstaden blir no brukt mest til lager av ein av
møbelfabrikkane. Mykje svart røyk velta
ut, og det viste seg at det var
sjølvantenning i ein kontainer med gamle
lakkrestar. Brannvesenet fekk kontaineren ut, og
brannen kom raskt under kontroll.
|