Bli med på tur til Trollkyrkjegarden!
Trollkyrkjegardsdagen er ein del av
Langsæterdagane, og er lagt til fredag 1.
september.
Som ein del av dette vert det arrangert turar med
førar frå dei omkringliggende bygdene.
Det vert turar inn til Trollkyrkjegarden
både frå Valldal , Stordal og
Innfjorden om morgonen/formiddagen, kan Einar J.
Hove frå arrangøren Stordal
Sogelag/Prosjekt Øvre Stordal, fortelje. Og
på Trollkyrkjegarden vert det eit program
der ein får mykje interessant informasjon om
mellom anna sjølve Trollkyrkjegarden og
Fokhaugen og Kamb-Ola, om Geologi, kulturminne,
biologisk mangfold, rovdyrplager i eldre tider og
anna. Han oppfordrar folk til å møte
opp, og referer til oversikt over dei arrangerte
turane og programmet for dagen. Dette finn du ved å trykke
her.
|