Akupunkturtilbod i Stordal
Det har no kome enno eit tilbod innan helse.
Byung Hwan tilbyr akupunktur og andre
tradisjonelle kinesiske behandlingsmetodar.
Byung Hwan har budd fleire år i Stordal med
familien sin, og tek no steget til å starte
sin eigen praksis. Han har utdanning innan
tradisjonell kinesisk medisin. Her kan folk
få behandling med metodane akupunktur,
moxa(varmebehandling), kopping(koppar med vakum)
eller kinesisk massasje. Lidelsar som kan
behandlast er m.a. hovudverk, migrene, astma,
fibromyalgi og bihuler.
Kinesisk Akupunktursenter Stordal held til i dei
gamle lokala til legekontoret på
Stordalstunet, og vil ha ope alle kvardagar kl.
09 - 18.
|