Årsmøte i antennelaget
Mandag 30.april heldt Stordal antennelag
årsmøte på kommunestyresalen, og
det vart der bestemt at Canal Digital skal vere
leverandør av kanalar til antennelaget
framover.
Dert vart også bestemt at det skal
inngåast avtale med Canal Digital om at
antennelaget skal ta inn og distribuere
grunnpakken som eit minimum. Dei kanalane som
gjeng inn i denne pakken vert analogt distribuert
på kabelnettet i det antal det er utstyr til
(11 kanalar), og kvar enkelt andelseigar betaler
for desse gjennom årsavgifta til
antennelaget. Vidare kan så kvar enkelt
andelseigar inngå eigen avtale med Canal
Digital om kjøp av meir kanalar. Ein vil
då få ei dekoderboks til å fange
opp dei digitale signala - som også vert
sendt ut på kabelnettet. Ein vil då
få dei kanalane som vert sendt ut analogt
også inn digitalt. Antennelaget vil i
næraste framtid sende ut informasjon rundt
dette til andelseigarane.
Per Anker Vad vart på årsmøtet
attvald som leiar, og Trine-Lise Bjørge som
styremedlem. Ottar Røren vart valt inn som
nytt styremedlem etter Thomas Henden som gjekk
ut.
På bildet styre i Stordal antennelag,
frå venstre: leiar Per Anker Vad, Trine Lise
Bjørge, Svein Roar Tafjord, Georg Busengdal.
Ottar Røren var ikkje til stades.
|