Full Stordalshall og stormande jubel då
Hovslia arrangerte den 9. årsfesten for
Stordalshallen laurdag.
|
"DJ Jonas", "MC Terje" og "Asle Daddy"
i aksjon. Foto: Johan Vinje.
|
|
Ei rekkje innslag der det meste av
"Hovsliarar" var involvert på den eine
eller andre måten skapte åtgaum
og jubel i salen utover kvelden. Men
før dette var det ei meir
"seriøs" avdeling med mellom anna ei
formaning frå hallsjef "Hall-Geir" om
korrekt behandling av parketten og utdeling
av Pedroprisen sin "Optimistpris" som i
år gjekk til Stordal Båteigarlag
og for deira sin store innsats i og ved
Stordal Småbåthamn.
|
|
Drivande blues med vokalist Ole Olai
Øvrebust (alias Geir Hoff).
Foto: Johan Vinje.
|
|
Det er igrunnen utruleg at ein i eit
grendelag med såpass få
innbyggjarar har ressursar og talent
på så mange område som det
som fekk utfolde seg laurdag. Både
på og utanfor sjølve scena.
|
|
"Solsong". Foto: Johan Vinje.
|
|
Før middag og dans vart neste års
arrangør annonsert, det er då
Øvrebust sin tur til å arrangere.
|