Stordal er årets turkommune 2005!
Med stort oppmøte i Stordalshallen, blei
Stordal overrekt premie for årets beste
turkommune.
I samband med Friluftslivets år 2005 hadde
Møre og Romsdal fylke og forum for natur og
friluftsliv ei turkonkurranse mellom kommunar i
Møre og Romsdal. I konkurransekriteria
låg det at kommunane måtte velgje ut 10
turmål i kommunen der minimum 3 var
barnevennlege og minimum 2 var tilgjengelege for
rørslehemma.
Premien på kr. 100.000 gjekk til den
kommunen som klarte å få flest
registerte på turmåla i forhold til
folketalet i kommunen. Denne premien gjekk
altså til Stordal. Pengane skal gå til
fritidsføremål, fortalte ein glad
ordførar. Det var over 16 000 posteringar
på dei 10 postane, altså ein
oppmøteprosent på 16,1 prosent i
høve til folketalet. Dette er ein god del
meir enn andreplassen, som låg på under
10%.
Kulturkonsulent Hallgeir Hove kunne fortelle at
oppmøtet på enkelte postar hadde vore
særs bra, spesielt på Kvammebrua. Det
var enkeltpersonar som hadde over 300 posteringar
i løpet av konkurransen, fire damer hadde
greidd alle 10 postane på ein dag og 24
personar hadde skrive seg i alle 10
turbøkene.
For alle dei 23 deltakande kommunane var det
registrert 372.220 personar på turmåla.
Spesielt har barnevennlege turmål og
turmål tilpassa rørslehemma vore
populære.
|