Stordal og Valldal Hornmusikk med bra innsats
på Korpscup
Den flotte innsatsen var på Korpscup på
Molde den 12. November. Dei spelte eit variert
programm med både marsj, norsk- og
internasjonal musikk.
Hornmusikken deltok i 3. divisjon janitsiar og
vart her nr. to. Med 97 av totalt 110
oppnåelege poeng, endte dei på ein god
5. plass totalt for alle divisjonane. Dommarane
oppmoda korpsa å stille i 2. divisjon til
neste år. Petter Lingås (frå
Valldal) på trompet fekk solistprisen.
Dirigentane Lars Kaggerud og Jan Helge Andreassen
var godt nøgd med framføringa.
Stordal og Valldal har med dette fortsett det
gode samarbeidet som har resultert i mange flotte
konsertar. Saman har dei framført bl.a.
Abba, Elton John og Elvis musikk.
|