Synleggjering
BAKGRUNN FOR DETTE PROSJEKTET
Øvre Stordal og Stordal
Sogelag
har teke initiativet til å SYNLEGGJERE dei
store verdiane som vi har i utkantane av bygdene
våre - Stordal, Dyrkorn og Bortomfjorden.
Det har vore arbeidd etter ein TRE - TRINNS -
PLAN.
FØRSTE TRINN:
Første trinn har vore å dokumentere
skriftleg og gjere kjent ei masse saker som vi
reknar som store historiske og kulturelle
verdiar. Vi gjengir her kort kva slags verdiar og
tiltak vi meiner i denne samanheng:
Stordal Sogelag har skrive følgende hefter
som er gitt ut gratis til Sogelaget sine 230
medlemer:
Stølane i Stordal ( 32
stølar )
Dette er ei registrering, ein informasjon med
tekst og bilder og ei kartfesting av alle
stølane i heile Stordal Kommune. Dette er
heile 32 stølar når vi også tek
med tuftene etter dei aller eldste. Dei eldste
som vi har informasjon om, er frå 1600 -
talet. Stordal Sogelag har også klargjort
alle stiane som gjekk fram til og mellom alle
disse stølane.
Langsætrane
Dette er dei store sommarsætrane til dei 40
nederste bruka i Stordal. Dei består av to
stølar; Pusken og Kvitlane og var dei
største samla stølane på
Vestlandet. Stordal Sogelag har skreve
utførleg om disse stølane i eit stort
temahefte med ei mengd gamle bilder frå
stølslivet i eldre tider.
Klyngetunet på
Jøsvoll
Stordal Sogelag har i dette heftet også
registrert og skrive om dei mange kulturminna som
knyter seg til dette klyngetunet.
Sogelaget har på gang skriving av to store
hefter om dei fremste gardane i Nøre-dalen i
Stordal. Slik som i heftet om klyngetunet på
Jøsvoll, vil vi dokumentere kva slags
kulturminner som finnest på gardane i den
øvre del av Nøredalen.
Øvre Stordal og Stordal
Sogelag har vidare engasjert seg i
følgende tiltak:
1. Vitenskapelege undersøkingar av
Trollkyrkjegaren
2. Rydding av tuftene etter garden Fokhaug og
historisk dokumentasjon
3. Vi har skrive om disse gamle kulturminna i
Langsæterområdet:
- Fantehammaren
- Kamb - Ola
- Bogestellet i Dyrdalen
- Andre mindre merker etter folk i utmarka i
dette området
Framanforståande er ganske omfattande
dokumentasjon av Kulturminna i utkantane av
bygdene våre. Ein del bildemateriell
frå ovanståande finn du under Heimesida
til Stordal Sogelag under Stordalsportalen.
Sjå Bildearkiv og underpunkta til venstre.
Øvre Stordal og Stordal
Sogelag arbeider også med eit stort
tiltak som går ut på å lage ei
samanfatning av alle kulturminne i Øvre
Stordal.
ANDRE TRINN:
Stordal Sogelag tok for tre år sidan kontakt
med Stordal Bondelag for å få til eit
samarbeid om:
RYDDING AV GAMLE STIER / RÅSER FRAM TIL ALLE
FRAMANFORSTÅANDE KULTURMINNER.
I forkant av dette hadde Stordal Sogelag skissert
på eigne kart kvar disse gamle stiane /
råsene gjekk. Stordal Bondelag har fått
støtte frå Landbruksavdelinga på
Molde til å rydde alle ovanståande
stier og råser, og dette arbeidet skal vere
avslutta i år 2006.
TREDJE TRINN:
Det tredje trinnet går så ut på
å synleggjere dette og det er dette prosjekt
SYNLEGGJERING handler om.
Vi skal her beskrive kva dette prosjektet
går ut på:
PROSJEKT SYNLEGGJERING
Vi deler dette inn i følgende typer tiltak:
Oppsetting av Informasjonstavler
Det er no i starten under produksjon 3
informasjonstavler.
Ei stor informasjonstavle på Overøye.
Dette er ein konstruksjon som er bygt på eit
historisk korrekt grindbygg. Her vil stå
informasjon både på utsida og innvendig
i dette bygget.
Tegninga av denne grindkonstruksjonen er vist
nedanfor.
Mykje av dette arbeidet blir gjort på dugnad
av medlemer av Stordal Sogelag. Nedanfor viser vi
nokre bilder frå ein del av arbeidet med
denne konstruksjonen. Den røynde
byggmesteren Per Kjell Holtleite har vore leiar
for dette arbeidet og delteke mykje i sjølve
arbeidet også. Men fleire andre har
også delteke.
Einar Midtbust, Kåre Kleiven, Einar J.
Hove, Johan Vinje, Harald Jøsvoll.
Det er mange prosesser som skal gjerast i ein
slik grindkonstruksjon. Nedanfor viser vi fire
bilder frå starten på dette arbeidet.
Sven Tore Busengdal, Per Kjell
Holtleite.
Denne grindkonstruksjonen skal setjast opp ved
den store furua på fremste Parkeringsplassen
på Overøye. Nedanfor er vist ein
illustrasjon av korleis den skal framstå som
informasjonstavle med mykje informasjon både
utvendig og innvendig.
I tillegg til denne store tavla skal det setjast
opp to meir konvensjonelle informasjonstavler. Ei
øverst oppe på Kvitlanestølen og
ei relativt stor tavle ved brua nedanfor
Puskenstølen. I tillegg til
spesialproduserte turstikart, vil her kome mykje
interessant informasjon av historisk og kulturell
art. Vi vil gi meir informasjon om disse tavlene
når arbeidet med dei er kome litt lenger.
Oppsetting av retningsskilt.
Stordal Sogelag arbeider også med å
lage ei mengd med retningsskilt som skal gi god
informasjon om kvar du skal gå for å
kome fram til dei forskjellige turmåla.
Kart og informasjon på
Internett.
Stordal Sogelag rår over digitale kart der
vi sjølve kan sette inn all den informasjon
vi vil og få disse karta produsert for
oppsetting på våre informasjonstavler.
I tillegg til dette kan vi presentere disse karta
for visning på Internett. Det er dette vi
etter kvart vil utvikle som Konseptet:
Tur med Oppleving og
Læring.
MEIR INFORMASJON OM PROSJEKTET SYNLEGGJERING KJEM
HER NO 13. JULI 2006.
Dugnadskarar treng også pause.
På bildet til høgre ser vi
frå venstre Kåre Kleiven, Karl
Øvrebust, Ove Løfoll og Sven Tore
Busengdal.
|
Til venstre ser vi ein detalj frå
grindbygget. Vi ser BETEN nærast som
er felt ned på STAVEN. Bak staven og
oppå beten er RAFTHALDET felt inn.
|
Over ser vi til venstre John Hjelmseth og
Kåre Kleiven i arbeid på
grindbygget.
På bildet over til høgre Olaus
Overøye.
Tomta på Overøye der grindbygget skal
stå vert klargjort. På bildet over til
venstre er frå venstre Kjell Mulelid, Alfred
Johansen og Tore Hallan i full gong med å
støype fundamenta som grindbygget skal
stå på. På bildet over til
høgre vert tomta rydda og jamna til etter at
støypinga er ferdig. Frå venstre Emil
Staurset, Johan Vinje og Einar Midtbust.
Til høgre ser vi Geir Innselseth
frå Busengdal Transport som
løftar grindbygget høgt til vers
for å sette det på bilen som skal
frakte det til Overøye.
|
På bildet til venstre vert grindbygget
flytta ut av bygget til Harald Jøsvol
der det har stått under sjølve
bygginga. Sperrene var klargjort og
montert, men vart demontert før bygget
kunne flyttast. Disse ligg no klar til
å monterast på att. Frå
venstre Harald Jøsvoll og John
Kristian Hjelle.
|
Grindbygget trygt plassert på solide
fundament på Overøye. Frå venstre
Alf Overøye, Kristian Almås og John
Kristian Hjelle.
Parallelt med at konstruksjonen av grindbygget
vart ferdiggjort var ein gjeng opp i Stavdalslia
og tok never til taket. Bilda nedanfor viser
frå dette arbeidet.
Sluttføringa av bygget vil skje i slutten av
juli og byrjinga av august. Då vil også
mykje av den informasjonen som skal stå dels
utanpå og dels inne i grindbygget vere klar
og bli montert.
Parallelt med ovanståande arbeides det med
tillaging av dei mange retningsskilta som skal
stå i Langsæterområdet.
FØLG MED I DEN VIDARE UTVIKLINGA.
VI LEGG MEIR INFORMASJON INN HER SEINARE.
|