Stordalsportalen.no / Tema / Om Stordal / Historie / Mellomalderen
Ramslauk
StordalStordalStordalStordalStordalStordalStordal Stordal
Stordal
Stordal
Langsætrane
Webkamera Arena Overøye
Heimesider i portalen:
Stordal Arena Overøye
Stordal Kyrkjehola Kulturbeite
Stordal Nilsgardstunet
Stordal Stordal Alpin
Stordal Stordal Alpinsenter
Stordal Stordal Bedehus
Stordal Stordalskvartetten
Stordal Tonika
Stordal Stordal Elveeigarlag
Stordal Stordal Idrettslag
Stordal Alpin
Stordal Fjellservice
Stordal Hopp
Stordal Hovedgruppa
Stordal Langrenn
Stordal Stordalscup
Stordal Stordal Sogelag
Stordal Stordal Turlag
Stordal Stordalsferien

Stordal Attraksjonar
Stordal Opplevingar
Stordal Overnatt. Serv. Camping
Stordal Fiske
Stordal Jakt
Stordal Lokalt nytt

Stordal Arrangement
Stordal Glimt av Stordal
Stordal Bruktmarknad
Stordal Gjestebok
Stordal Kontaktskjema
DAGEN I DAG
14. juni 2024 01:10:23
Namnedag:
Erlend - Erland
Søk i Stordalsportalen

Sitemap
Stordal Stordalsportalen
som startside (IE)
Logg inn admin

Mellomalderen

Historie frå mellomalderen i Stordal (550 - 1536 e.kr.)

Dette stoffet er henta frå bøkene skrevne av Toregardsslekta i Stordal;
Stordal og Langsætrane gjennom 10.000 år frå istid til nåtid

SUNNMØRE - STORDAL - LANGSÆTRANE FRÅ MELLOMALDEREN 



VIKINGETIDA (750 - 1050 e.kr.)

I Vikingetida kan ein med stor sikkerheit slå fast at Nedre Stordal så vel som opp gjennom bygda var ganske tett busett. Vikingetida var ein særs sterk vekstperiode i busetting og folketal både ute ved kysten og inne i fjordane. Dyrkingsjorda ved kysten og ute på øyane blei brukt opp og ekspansjonen retta seg då mot dei flatare delane og områda nederst mot fjorden i dei mange dalane og plassane langs Storfjorden. Det blei ein periode med mykje nydyrking av jord og husdyrhald også langt oppover i dalane.

I Vikingetida var klimaet også gunstig og skogen breidde seg innover dalføra og oppover mot fjellet. Det var ganske sikkert ein periode med tjukke lauvskogar og store og tette furuskogar.

Gardsnavna og dermed gardane Hove og Vinje fanst allereie i tida lenge før Vikingetida, altså før 750 e.kr. Alle gardane frå fjorden og fram til Mo var også truleg busett svært tidleg, kanskje før 500 e.kr - 1050 e.kr.

Dei fleste gardane med tilhøyrande gardsnavn reknar ein med var rydda og busett opp gjennom Stordal minst frå Vikingetida 750 e.kr - 1050 e.kr. Dette gjeld truleg også dei aller øvste gardane i bygda, altså Overøye, Seljehaug, Seljebotn og Almås.


DET FØRSTE SKRIFTLEGE MATERIALET

Det som dei forskjellige sagaene fortel om, blei først nedtegna av sagaskrivarane på 1200-talet. Fram til då hadde disse hendingane gått på folkemunne frå slektledd til slektledd. Det vi veit om Vikingetida og tida etter den, er kome fram på denne måten.

Frå 1200-talet voks det frå kongemakt og kirkemakt fram eit meir organisert samfunn med stormannsætter, landmenn, lokalhøvdingar, kongeombud, presteskap og bispedømer. Etter som skrivekunsten blei meir utbredt samtidig med at det offentlege systemet voks fram, blei det stadig meir skriftleg materiale. Dette i form av samtidssagaer, lovtekster, litteratur og andre nedtegnelser.

Tida frå Vikingetida og etter var ei stor ekspansjonstid. Det var vekst i folketal og busetting over heile landet, på Sunnmøre og i Stordal.

Perioden fram til 1500 - 1600 talet er likevel etter måten fattig på det vi i dag ville kalle nedtegnelser og statistikk av ulikt slag. Dette skyldes fleire ting, blant anna brann av kildemateriala.

Ein kan imidlertid slå fast at kirkene voks i antall og makt utover fra 1100- til 1200-talet og blei etterkvart eigar av ei mengd gardar. Bøndene blei leiglendingar under kirkegods og høvding- og stormannsættene. Dette var ei direkte og indirekte fylgd av kristninga av Norge. Stordal fekk eiga kirke på 1100-talet. Erkebiskopen i Nidaros eigde fleire gardar i Stordal, likeeins lokalkirkegodsa og det dominerande Giske-godset.


Stordal
Stordal
© Stordalsportalen 2005 - 2012          Om Stordalsportalen       Kontaktskjema