|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Søk i Stordalsportalen
|
Langsætrane før og noLangsætrane består av to stølar, Kvitlane og Pusken. Her hadde dei 40 nederste gardane i bygda sommarsæter. Langsætrane var såleis dei største samla sæter-stølane på Vestlandet. Ein kan rekne med at det var sæterdrift på Langsætrane fram til midten av 1950 - talet. Etter den tid har svært mange av dei gamle sæterhusa forfalle og kome bort. Men ennå kan du sjå att kombinerte sæterhus med sel og fjøs under. Dette var den klart vanlegaste byggeskikken. Stordal Sogelag har skreve eit omfattande temahefte om Langsætrane, stølane Pusken og Kvitlane.
I dag er her ei mengd hytter i
Langsæterområdet. Stordal Sogelag
arrangerte sommaren 2005 LANGSÆTERDAGANE over
tre dagar til ende. Sjå programma under Kva
skjer. Langsæterdagane. For at du skal få
eit bilde av korleis sæterdrifta gjekk føre
seg i eldre tider på Langsætrane, tek vi i
det etterfylgjande med Men først nokre innleiande orienteringer.
STORDALSVASSDRAGETS ØVRE DEL OG
LANGSÆTEROMRÅDET.
NEDSLAGSFELTA / TILSIGSOMRÅDA / VATNA OG ELVANE
ER:
Elvane frå Storvatnet og Isljevatnet møtest
i Elvabytet Elva herfrå får tilsig frå
Storådalen, vatn og elv. Vatnet frå disse områda samlast til byrjinga av Storelva mellom Kvitlane og Pusken
DEI SENTRALE STØLSOMRÅDA, LANGSÆTRANE,
PUSKEN OG KVITLANE
SÆTERRETTIGHEITENE TIL
LANGSÆTEROMRÅDET
FUNN FRÅ ELDRE TIDER I
LANG-SÆTEROMRÅDET
BRENSEL, VED OG TORV I
LANGSÆTEROMRÅDET. FISKE, FANGST OG JAKT I dei mange vatna og elvane i området var det nok eit rikt fiske etter aure og kræ frå dei eldste tider. Både dalefolk og bygdafolk dreiv dette fisket. Det er fortalt fleire historier om at ein fekk stor aure i fleire av vatna i eldre tider. Snarefangst etter ryper og hjortejakt har vore drive i Langsæterområda så langt attende ein kan minnast og frå dei tidlegaste tider.
ROVDYR; BJØRN,ULV OG REV
FOKHAUGEN
TROLLKIRKEGARDEN GLIMT FRÅ PUSKEN PÅ LANGSÆTRANE I ELDRE TIDER
Dette er fortalt av Peder J. Hove
Det var vanleg å flytte på Langsætrane
kring Jonsok. Før det hadde det vore
sætring på Høvsnakken for Hoves del .
Det var oftast 14 dagar dei var der, somme tider
lenger. Ein gjekk då opp om kvelden og
mjølka, låg der natta over, mjølka om
morgonen og tok mjølka ned att då. Det var
eit styr med å flytte buskapen på
sætrane. Mangt å ordna med. Før ein
kom så langt, hadde karane vore framme og laga
til ved for sommaren. Bruene skulle leggjast på
over Dyrdalselva, to bruer, ei for geitene og ei for
kyrne. Også bruer over Jolbotnelva og
Innfjordelva. Det gjekk med mykje ved på ein
sommar, spesielt for Hallvars- og Toregarden som
hadde 45 - 50 geiter kvar. Det var oftast 2-3 gardar som hadde sæterdeie i lag. På Pusken var det Elling, Skaffar og Sakris i lag og der var Elise Dybdal budeie i årevis. Når morgonstellet med dyra var ferdig og det ikkje var noko ekstra av eitt eller anna slag, kunne sæterdeia ta det med ro utover ei stund. Dei som var så heldige at dei hadde buskapar som kom heim til kvelds av seg sjølve, so var det forholdsvis enkelt. Buskapar som ga seg til i marka til seinkvelds var det værre med. Spesielt var Skaffar- og Ellingkyrne leie slik. Dybdals-Lisa måtte som oftast gå åt marka i 3-tida ettermiddag. Då måtte ho heilt inn i Elvabyte og kanskje til Espedalen i den tida soppen var på sitt beste. Ho kom ofte ikkje til stølen før i mørkninga ut på hausten. Og så var det mjølkinga etterpå. Anders- og Nils- og Syvergarden hadde ei budeie , Olivia Eidsvik, til å sætra for seg. Ho var so overlag mørkredd. Hallvars- Tore- og dei på Bakeriet var i lag. Karoline Fremseter var budeie i Toreselet. Simå, Gurå og Gjestegarden og på Brautne var eit sæterlag. So var det dei på Øvrebust, Knutgarden, Kristafor og Arne garden var eit lag. Dei som var i lag på same sæterlaget køyrde sæterlass kvar si vike, det var som regel på fredag. Då hadde dei med sæterskrinet (sætermat) til budeia for ei veke. Og tok med mjølk og ost nedatt. Seinare vart det bygd meieri for båe stølane. Det stod der som hytta til Bjørn Hove no står. Det vart nytta vatn til drivkraft for separator og kjinne. Det var eit smørmeieri. Nils-Pella var meierske i mange år. Ein svært populær drikk var fløyte og saup, (kjernemjølk). Blanding 50-50. Ut i august var det slått av sætergjerde, det var slutten på slåttonna. Det var mykje til liv på stølen medan dette stod på. Ein brukte sjølsagt berre ljå her. Eg kan hugse at graset på Hallvars- og Toreteigane var mykje lenger-tjukkare i rota og grønare enn på dei andre teigane fordi dei hadde god og kraftig geitegjødsel i tillegg til kugjødsla. Det hende somme tider når hestane kom på sætra og forsynte seg for mykje av det feite fjellgraset at magen kom i ulage. Dei bles opp i vomba (fekk ikkje frå seg gassen i magen), dette kalla dei "Trollet." Hesten fekk trollet. Då var den beste råna å gå og leie den ein tur (halde den i bevegelse). Sæterslåtten var vanlegvis unnagjort på ei vike, alt etter veret. Ungdommen og sume eldre med var ofte på Sætra i helgene, då gjerne med grammofon og dans på Puskebrua. Det var ei triveleg tid. So var det fisketurar inn på vatna, Storvatnet - Kleivavatnet. På Kleiva var det stor fisk i 30-åra. Det var då det vart bygt hytte der. Fyrst på krigen vart det sett i gong arbeid på det som skulle bli vei over Innfjordfjellet. Til det trongst arbeidsbrakke og slik var det at Fokhaugstova vart bygd. Vegprosjektet vart nedlagt, og Turistforeninga overtok Fokhaugstova. Det var fleire som hadde torvløer. Toregarden hadde løe ved Stilleelva nedanfor Hotellhytta. Den var innretta med turkehjellar der torva vart lagd til tørk. Det vart også harva laus torvmasse som låg på bakken til tørk i godt ver, når det var von om det. Brenntorv vart også utstukke og tørka og køyrt ned til bygda. Torvstrøet vart brukt under husdyra for å suge til seg bløyta i for eksempel kalv- og grisebingen. På den måten kunne gjødselmassene aukast og ein kunne spare på kunstgjødsla og dermed på kronene som det alltid var forlite av. Ellers var det mange episodar som då Tore-Pe skulle nedatt med torvlass. Komen heim i "Holane", nokre bratte bakkar nedanfor Stavdalen, (gamlevegen) losna eine selepinnen slik at eine skjækja losna. Dermed vrei vogna seg og også andre skjækja brotna. Vogna for no på sjølvstyr og farta auka. Pe kraup bak på lasset og venta på det som måtte kome, men det gjekk forholdsvis bra. Hesten tok det tolegt roleg oppe på Stavdalsbøen og ga seg til å ete. Vogna stoppa heldigvis i eit tre i vegkanten. Pe fekk seg nokre fjøler og spikar til reparasjon og bøtte skjækene. So gjekk det no bra denne gongen også. Vegen frå Overøye vart i slutten av 30-åra omlagt og opprusta til bilveg. Den nye tida var komen til bygda. Arbeidet vart utført som pliktarbeid dvs. at dei med størst skyld måtte arbeide mest. Også bruene vart bygde på denne måten. Det var oftast drengene og sønene på garden som var med på dette.Basen på anlegget var ein erfaren vegarbeidar, Johan Talberg. Arbeidet gjekk over lang tid då dette som oftast vart gjort mellom "ønjene". No vart det slutt på å køyra sæterlass. No vart det mjølkebil og det vart slutt på meieridrifta. Under krigen vart denne fyrt med ved og vart heitande "Grua".
Sæterdrifta på "gamlemåten" heldt seg
fram mot 1965-åra. Då vart det ein periode
der dei la vekt på å ha vinterkalvande kyr
og sende dei tørre på sjølvstyr i
sommartida. Kring 1985-86 vart det skipa eit partslag
(samdrift) og oppdyrking av beite ca. 280 da. Det
vart bygd fjøs med moderne mjølkeanlegg og
innleigd røktar. Karoline- Olivia og
Dybdals-Lisa var historie. Dette gjekk godt i 12-15
år, men pga stadig dårligare lønsemd i
mjølkeproduksjon og overproduksjon, samt
lønsamheit generelt i landbruket gjekk ein etter
kvart trøytt. I år 2000 var
sæterdrifta for Toregarden og nokre andre
sæterbrukarar i samdrifta slutt og
mjølkekvotane seld.
Langsætrane før
Sæterdrift på
gamlemåten
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
© Stordalsportalen 2005 - 2012 Om Stordalsportalen Kontaktskjema |