Stordalsportalen.no / Tema / Om Stordal / Historie / Gamletida / oldtida
Ramslauk
StordalStordalStordalStordalStordalStordalStordal Stordal
Stordal
Stordal
Langsætrane
Webkamera Arena Overøye
Heimesider i portalen:
Stordal Arena Overøye
Stordal Kyrkjehola Kulturbeite
Stordal Nilsgardstunet
Stordal Stordal Alpin
Stordal Stordal Alpinsenter
Stordal Stordal Bedehus
Stordal Stordalskvartetten
Stordal Tonika
Stordal Stordal Elveeigarlag
Stordal Stordal Idrettslag
Stordal Alpin
Stordal Fjellservice
Stordal Hopp
Stordal Hovedgruppa
Stordal Langrenn
Stordal Stordalscup
Stordal Stordal Sogelag
Stordal Stordal Turlag
Stordal Stordalsferien

Stordal Attraksjonar
Stordal Opplevingar
Stordal Overnatt. Serv. Camping
Stordal Fiske
Stordal Jakt
Stordal Lokalt nytt

Stordal Arrangement
Stordal Glimt av Stordal
Stordal Bruktmarknad
Stordal Gjestebok
Stordal Kontaktskjema
DAGEN I DAG
14. juli 2024 15:30:24
Namnedag:
Solfrid - Solrun
Søk i Stordalsportalen

Sitemap
Stordal Stordalsportalen
som startside (IE)
Logg inn admin

Gamletida / oldtida

Historie frå oldtida i Stordal (10.000 f.kr. - 550 e.kr.)

Dette stoffet er henta frå bøkene skrevne av Toregardsslekta i Stordal;
Stordal og Langsætrane gjennom 10.000 år frå istid til nåtid

SUNNMØRE - STORDAL - LANGSÆTRANE FRÅ DEI ELDSTE TIDER



FRÅ DEI FØRSTE FOTEFAR
Brekanten i Sør-Norge for 10.000 år sidan

I 70.000 år dekte isen heile Skandinavia, Nordsjøen, England og ned til den nordlege delen av Kontinentet. Men for rundt 15.000 år sidan byrja den veldige iskappa å smelte. For ca. 10.000 år sidan låg antakelegvis ismassene slik som vist i figuren til høgre. Sydvestkysten og nordvestkysten av Sør-Norge var no isfritt. Stordal og Langsætrane låg no ved brekanten.


KVAR KOM DEI FØRSTE STORDALINGANE FRÅ
Stordaling med spyd

Den første Stordalingen kom truleg frå området rundt Hamburg. Men det er ganske lenge sidan, kanskje rundt 10.000 år. Han var truleg ein spesialisert reinsjeger eller ein nær slektning av eller etterkomar av disse veidefolka.

Då isen hadde si største utstrekning, nådde den ned til det nordtyske slettelandet.
Her er det funne klare spor etter eit reinsjegerfolk. Det er svært truleg at dette reinsjegerfolket fylgde reinen etter kvart som den trekte seg nordover, over Nordsjøen og til Norge i takt med issmeltinga.


VAR HER VEIDEFOLK I STORDAL OG PÅ LANGSÆTRANE FOR 9.000 - 10.000 ÅR SIDAN
På jakt i Stordalsfjella for 8.000 år sidan

Ja, det er ganske truleg. Men spora etter disse veidefolka er for det meste borte. Dei var omstreifande reinsdyrjegarar og hadde ingen faste buplassar. Imidlertid jakta dei etter reinen frå faste "bogesteller".


DEI FØRSTE SPOR ETTER FOLK PÅ VESTLANDET
Hjort

Dei eldste funn etter folk på Vestlandet går under navnet Fosnakulturen. Dette er små buplassar med avfall etter flint, pilespissar og andre svært grove steinreiskapar. Den eldre steinalder strekkjer seg over ein lang tidsbolk, 8000 - 3000 f.kr. Det er gjort funn frå eldre steinalder ei lang rekke stader både på ytre og indre strøk av Sunnmøre. Under denne tidsbolken trekte skogane seg innover i landet. Andre dyr som hjort og villsvin blei no vanleg.


DEI FØRSTE SPOR ETTER FOLK I STORDAL OG PÅ LANGSÆTRANE

Tida for 8.000 - 5.000 år sidan var rik på mattilgang både frå sjø og land. Folk blir meir bufast. Dei første bureisarane kom kanskje til Stordal og slo seg ned på Hove og Vinje i denne tida.


FRÅ STEINALDEREN OG FRAM TIL SVARTEDAUEN

Den eldre steinalder regner ein strekkjer seg frå 10.000 - 3.900 f.kr. Frå denne perioden er det funne ei mengd gjenstander frå meir enn 50 funnstader spredt over store deler av Sunnmøre, der iblant frå Hove i Stordal. I denne tida var fangst, fiske og sanking dei einaste livbergingsmåtar. Yngre steinalder regner ein strekkjer seg frå 3.900 - 1.800 f.kr. I denne perioden blir folk meir bufaste og fehald og åkerdyrking blei meir og meir vanleg. Frå no av kan ein seie at busettinga på Sunnmøre verkeleg tok til å skyte fart.


SUNNMØRE OG STORDAL BLIR BUSETT
Mjølking for hand

Ute ved kysten og på øyane er det funne faste boplasser der det blei dyrka kveite, bygg og hirse og halde husdyr frå Bronse-alderen, 1.800 - 500 f.kr. Og det er her i kystområda folketil-veksten var størst fram gjennom hundreåra. Fra 300-500 talet e.kr. var der sterk vekst i bosetting ute ved kysten, men også inne i fjordane. Der er funne leirkar i Stordal frå denne tida.

På Hove i Stordal er det funne spor etter folk frå før 3.900 f.kr., Eldre Steinalder, og vidare opp gjennom tida. Såleis også før 1.800 f.kr, Yngre Steinalder, og frå 500 f.kr. Bronsealderen.

For 3.000 år sidan er vi komne 800 år inn i Bronsealderen. Vi kan med stor sikkerheit seie at då blei åkrar pløgd og kyr og sauer beita på bøane og i liene i nedre Stordal. Mjølkekyr blir då ganske vanleg.


KVA VEIT VI SPESIELT OM STORDAL OG LANGSÆTRANE I BRONSE- OG JERNALDEREN

I Stordal er det dei siste to åra gjort svært interessante funn ved utgravinger gjort av personale frå Arkeologisk Institutt i Bergen.


AVANSERT STOLPEHUS I STORDAL FOR 3.000 ÅR SIDAN
Stolpehus år 1.000 f.kr.

Det er nyleg funne rester etter eit stolpehus i Stordal frå bronsealderen, altså i tida frå 1.800 - 500 f.kr. Det store huset som stod her kan vera over 3.000 år gamalt. Dette funnet kan vise seg å vere heilt eineståande. Det viser ein avansert bygning langt tidlegare enn det fram til no har vore rekna med.
Frå rapport frå feltundersøkingane ved Melsetbøen II i Stordal (Mai 99) seiest det:
Huset hadde truleg ei total lengde på 16,4 meter og total breidde på 6,8 meter.
Dateringsundersøkelser viser at huset er frå Eldre Bronsealder, altså 1.800 - 1.000 f.kr. Det vil seie at det er blant dei tidligast kjende "treskipede" langhus i Norge.


JERNUTVINNING I STORDAL FOR 2.000 ÅR SIDAN

I nedre del av Stordal, det vil seie på Hove og Vinje, er det gjort betydelege funn etter eit avansert, høgt utvikla og godt organisert samfunn som har eksistert for minst 2.000 år sidan. Det vil seie frå jernalderen. Utvinning av jern frå myra vart truleg gjort i betydeleg omfang i dette området. Dette var ein stor spisskompetanse og var ganske sikkert ei omfattande verksemd.

Jernutvinninga i Stordal er svært interessant.


Stordal
Stordal
© Stordalsportalen 2005 - 2012          Om Stordalsportalen       Kontaktskjema