Ole Elias-plassen på Talberg
Skrive av: Kristian Almås
Innlagt den 17.02.2006
Ole Elias Talberg vart fødd på Gjerdsplassen
på Dyrkorn i 1834. 23 år gammal gifte han seg
med Sigrid Rasmusdotter Lien frå garden Lien
på Dyrkorn. Han reiste altså ikkje langt for
å finne seg kone. Ole Elias og Sigrid budde ei tid
på heimegarden hennar, men i 1865 finn vi dei
på Rødset i Brusdalen. Folketeljinga i 1875
fortel oss at då var dei komne til Talberg og
budde på Talbergplassen, eller Ole Elias-plassen
som denne husmannsplassen også vart kalla. Der
budde dei resten av livet. Jørgen Pedersen
Talberg, som var eigar av Framigard på Talberg i
1875, og Sigrid var litt i slekt, og kanskje var det
grunnen til at dei slo seg ned akkurat her.
Ole Elias vart kjend fordi han var flink å til
å syngje. Han kunne ei mengde stev, lokkar,
bånsullar, kjærleiksviser og religiøse
viser. Catharinus Elling var på vitjing hos Ole
Elias minst to gonger tidleg på 1900-talet. Denne
samlaren av tekstar og melodiar fekk med seg mykje av
verdi til samlinga si frå Ole Elias-plassen, som
ein elles ikkje nett kan forbinde med materiell rikdom
og velstand.
Bildet viser garden Talberg, og det er sett eit kryss
om lag der Ole Elias-plassen låg. Jordstykket
frå plassen og nedover til vegen vart kall Ole
Elias-bøen. Etter at Ole Elias og Sigrid var
døde, vart stova deira flytta til Nygarden på
Stavdal der ho står den dag i dag. I høgre
bildekant er det felt inn eit bilde av denne stova. I
venstre bildekant er det felt inn eit bilde av Ole
Elias. Dette bildet er henta frå boka "Stordal i
tekst og toner" av Peter Jøsvold, og det er
kanskje det einaste bilde som enno finst av han.
Sigrid og Ole Elias hadde mange born, og det finst i
dag etterkomarar etter dei mange stader her til lands
og i USA. Sigrid døydde i 1902, og Ole Elias omkom
i ei arbeidsulukke i skogen i Liabygda i 1906. Då
Catharinus Elling fekk vite at Ole Elias var død,
skreiv han minneord etter han, der det mellom anna
står: "I alle de aar, jeg har reist omkring, har
jeg ingensteds stødt paa en sådan samling
musikalske mennesker som netop i Stordalen, og blant
disse indtog Ole Elias en fremskudt plads."
Ole Elias-plassen er også omtalt i "Gard og
ætt" side 340 og i "Lokalhistorie - Stordal,
Sunnmøre" av Peter Jøsvold side 112.
|