Vellykka Stordalscup
Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 05.07.2006
Over 70 aldersbestemte lag var i aksjon på
fotballbana laurdag og søndag. Som alltid(?) var
vêrgudana på arrangørane si side.
Fotball
Det var mykje bra fotball og bra med mål.
Fotballkampane tok til tidleg laurdags morgon, og var
ikkje slutt før langt utpå ettermiddagen
søndag. Eit møte med Aafk spelarane Joakim
Austnes og Herman Ekeberg var svært populært
blant dei unge håpefulle, os spesielt kjekt var
det når dei spelte på kvar sitt lag i ein
kamp.
Det var også andre fotballkjendisar i Stordal
denne helga. Jonathan Parr, med røter frå
Stordalen, demonstrerte sine trikseferdigheiter for dei
skuelystne. I fotballkonkurransa(der ein skulle trikse
og skyte på mål), vann stordalingen Fehim
Hadzalic tur til Meråker.
Marknad
Som seg hør og bør under Stordalscup, var det
ikkje berre på grasmatta ting skjedde. Vel 4000
tok turen innom Kirkebø Stadion og Stordalshallen.
På loppemarknaden selde dei like mykje lopper som
i fjor. Salsmessa var litt mindre enn den har vore
åra før, men dette vil arrangøren ta tak
i til neste år. Det vart selt rekordmykje
mat(grillmat og kaker), så ryktet om denne
smaksopplevelsen er i ferd med å spre seg.
Musikk
Musikalske innslag var det mykje av. Deludo,
Ørskog Brass og Stordals eigne stjerner, Marita
Reite Wiik, Åge Staurset, Knut Sivert Vikenes,
Terje Vang og Maria Holand Tøsse, ga oss gode
musikkopplevingar.
Aktivitetar
Forutan tivoliet, der ein kunne få både
skumle og luftige opplevingar, var det tilbod om
paintball og diskgolf. Paintball var veldig
populært blant ungdommen, og mange blåkular
kan vel skuldast denne aktiviteten. Det var Paintball
klubben frå Vestnes som stillte opp med gevær
og utstyr. Diskgolf er ein relativt ny sport i Norge,
det er som ein slags golfspel med frisbee.
Langevåg diskgolf viste korleis denne sporten skal
utøvast, og dei som ville fekk prøve
sjølv.
Utedans
Dansebandet Yankee spelte opp til dans laurdagskvelden,
og omkring 750 betalande gjestar tok turen opp på
bana for å svinge seg. Sommarnatta var mild og fin
og la godt tilrette for ein vellykka utedans.
Lotteri
Mange bedrifter sponsar Stordalscup med premiar, og den
heldige vinnar av 1. premien, ein Eternity stol med
skammel frå Stordal Møbler, var Ann Elise
Dyrkorn. Pia Tomren (frå arrangementskomiteen)
vann seg ei spisestue med seks stolar og bord (eller
evt.to kvilestolar med bord) frå Helland
Møbler.
Takk frå arrangøren
Arrangørkomiteen, med Vigdis Hove Øie i
spissen, vil rette ein stor takk til alle som var med,
både spelarar, leiarar, dugnadsarbeidarar,
sponsorar og publikum, og dei som bidro med gåver
og lopper. Vigdis lover ein like flott Stordalscup til
neste år, og ønsker alle velkomen igjen i
2007.
Resultater Stordalscup:
Damer:
1. Ørskog
2. Valldal
3. Stordal
Jenter 15/16 år:
1. Herd
2. Stordal
3. Ørskog
4. Vestnes/Varfjell
Smågutar 13 år:
1. Fiksdal/Rekdal/Tomrefjord
2. MSIL
3. Ørskog
4. Norborg
Smågutar 14 år:
1. Ørskog
2. Fiksdal/Rekdal/Tomrefjord
3. Stordal
4. Ravn
5. Norborg
6. Valldal
Småjenter 13/14 år:
1. Rollon 14 årslaget
2. Rollon 13 årslaget
3. Skodje
4. Vestnes/Varfjell
5. Ørskog
6. Valldal
Dommarprisen: Emil Staurset
Aktører
|