Biblioteket på utlånstoppen
Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 27.01.2006
Stordalingane bruker biblioteket som aldri før, og
spesielt barnebøker og cd'ar trekker
utlånsprosenten opp. Stordal Bibliotek hadde i
2005 8,81 utlån per innbyggjar, som er på
topp i Møre og Romsdal.
Bibliotekar Bjørg Moltu kan fortelle om ei jamn
auke i utlån dei siste åra. Utlån av
andre media enn bøker, slikt som lydbøker,
CD'ar og video, har gått merkbart opp.
Biblioteket er eit såkalt kombinasjonsbibliotek,
dvs. det er fysisk plassert på skulen. Gjennom
prosjektet "Gi rom for lesing" har skulen, og då
spesielt mellomtrinnet, hatt fokus på lesing.
Den fullstendige utlånsstatistikken for Møre
og Romsfal finn du hos Fylkesbiblioteket (Excel-dokument).
Kilde: Sunnmørsposten og Møre og Romsdals
Fylkesbibliotek
|