Stordal Turlag no med heimeside!
Skrive av: John Kristian Hjelle
Innlagt den 29.04.2007
Stordal Turlag har no oppretta si eiga heimeside under
Stordalsportalen.
Stordal Turlag vil arrangere fellesturar med varierande
utfordring i tid, lengd og tyngd, og på enkelte
turar vil kjentfolk vere med og fortelje om kultur og
historie frå området.
Turlaget vil også arbeide for å kartlegge,
beskrive og gjere kjent det utruleg fine turterrenget
som vi har i heile kommunen og innover mot våre
grannebygder.
Stordal Turlag samarbeider med Tur- og trimgruppa
(Allidrettsgruppa) under Stordal Idrettslag for å
arrangere større og mindre turar.
Skipinga av dette laget er ei erkjenning av behovet for
å få til meir organiserte tiltak kring det
å kartlegge, beskrive og gjere kjent det utruleg
flotte turterrenget som vi har over heile kommunen og
innover mot våre grannebygder. Dette
sjølvsagt med det siktemål å få
born, unge , eldre og alle slags brukergrupper på
tur ut i våre naturområder. Det å halde
i hevd kulturlandskapet, verne om og bruk av naturen og
kulturminner og miljøet er også eit fokusert
område. Du behøver ikkje vere sprek og
spenstig som eit rådyr for å bli medlem, og
Stordal Turlag oppfordrar deg herved til å
støtte disse målsettingane ved å melde
deg inn som medlem.
Sjå Stordal Turlag si heimeside
under Stordalsportalen.
|