Møbelaking vart arrangert for fjerde gong,
og mange fantasirike doningar og vågale folk
var å sjå. Poenget er å få
ein møbelliknande doning forast mogleg ned
ei skiløype.
Farkosten "Big Valley Saloon" med hestar og 11
personar ombord, var den første ut frå
start. To utsendte "Saloonjenter" hadde då
allereie i lang tid smiska med dommarpanelet.
Saloonen kom i mål på tida 13,37, og
dei heldt leiinga heil til siste doning var komen
i mål. Her måtte både Hjellegjerde
og Ekornes sjå seg slått av cowboys og
cowgirls frå Stordal!
Seinare på kvelden vart fleire prisar delt
ut, og her fekk Stordalingane enno ein pris: Best
in Show! Dommarkommentaren lyder som
følger:
Dommarane følte seg noko utrygge, nesten
litt forført av sex og av frykt for livet.
Meget godt tillaget doning, stor fart og eit
riktig gjennomført show frå før
start til lenge etter konkurransen er over.
Stordal Møbler vil gjerne ha meir
konkurranse, og oppfordrar dei andre
møbelbedriftene å stille opp til neste
år.
Les meir om Møbelaking på www.mobelaking.no
Les meir om Stordal Møbler sin innsats
på www.stordal.com
|
Cowboys & Cowgirls
Håvard og Silje til hest (pall)
"Saloonjentene" Sunniva og Ingvill
|