Ny leiar i Stordal Idrottslag
Skrive av: John Kristian Hjelle
Innlagt den 05.01.2007
På årsmøte 7. desember vart Vigdis Hove
Øie valt som ny leiar i Stordal Idrottslag.
Ho etterfølgjer Kjell Arne Midtbust, som har sete
som leiar no i ei årrekkje.
På det fortsettande årsmøtet 4. januar
vart leiarskiftet markert, og den nye leiaren kunne
overrekke ein blomsterbukett til den avtroppande som
takk for innsatsen.
Magne Tøsse vart valt som ny nestleiar til
hovedstyret i SIL, mens Rune Støversten tok attval
som styremedlem.
Bildet er teke av Reidun L. Bratland.
|