Dei fire kornettistane fekk æra av å
opne konserten. Vi fekk så høyre dei
andre gruppene som er første- eller
andreårs aspirantar til Skulekorpset. Det
vart mykje fin musikk frå både
klarinettistane, fløytene, saksofonen og
karane på slagverk.
Stordal Musikkskule har mange talent og mange
lærarar, men kjøper også
lærerkrefter frå Ålesund. Dette er
tilfelle med fiolin og cello. Også her er
det rekruttering, Julia har enno ikkje starta i
musikkskulen, men spelte eit vakkert stykke
på fiolin.
|
|
Sist men ikkje minst fekk vi høyre elevane
på piano. Desse har hatt Inna Krinica som
lærar, og kunne glede oss med variert og
fengande musikk. Med god hjelp frå
læremeisteren, spelte dei også
firhendig! Slett ikkje verst etter eit år i
lære.
Stordalingar - ver stolt av ungane. Her er mykje
talent. Musikk og kultur gjer livet rikare, og
ungane er framtida vår!
|
|