Stordal Hornmusikk spelte opp først, med
gjestedirigent Jonathan Hamel. Publikum fekk
høyre bl.a. "Våren" av Grieg og "Air"
av Bach.
Tonika fortsatte med "Bred dina vida vingar".
Spesielt flott var "Fastetid", der Roger
Lillebø song solo frå galleriet medan
Tonika svarte frå koret.
Dei vel 50 tilhøyrarane fekk så
høyre igjen dei nummera som koret og korpset
også hadde på førre kyrkjekonsert.
"Slavekoret" av Verdi og "Landkjenning" av Grieg.
Siste fellesnummer var "Den heilage stad" der
Roger Lillebø igjen imponerte med sin
kraftige stemme.
|