Kulturprisen 2005
Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 16.11.2005
Kulturprisen gjekk i år til to aktive damer som
har gjordt ein fantastisk innsats for barn og unge
gjennom mange år; Marna Overøye og Kirsti
Almås.
Det var ordførar Charles Tøsse som delte ut
prisen under eit arrangement på bedehuset fredag
den 11. november.
- Det er to personar som har vore aktive spesielt her
på bedehuset. Dei har halde på i lang tid og
gjort slik at mange barn og unge har fått vere med
i mange år, eg er sikker på at både
foreldre og besteforeldre av ungar som er her i dag,
har vore med, sa ordføraren.
Bedehuset var også arena for konsert med
barnekoret denne kvelden, der dei framførte
historia om Farao og Moses.
|