Koldtbord frå SKRUK
Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 06.08.2006
Det var ein variert acapella konsert i Rosekyrkja
publikum fekk høyre på fredagskvelden. Eller
som Per Oddvar ”Prots” Hildre uttrykkte
det: eit ”koldtbord” med alle slags rettar.
SKRUK er på turné, og kunne denne gongen
legge konserten sin til Stordal. Dette mykje takka vere
Odd Johan Overøye, som har ein del samarbeid med
koret. Overøye har komponert eit tingingsverk for
koret, ”Åndeleg sjømannssong” av
Jakob Sande. Dette var eit av dei musikalske
opplevingane publikum fekk denne kvelden.
SKRUK hadde ein litt mindre arena å boltre seg
på enn dei er vande med, og dette resulterte i eit
spennande oppsett. Songarane var tidvis plassert i
midtgangen og ut på sidebenkane i kyrkja, noko som
ga ein unik klang frå koret. Dette fekk vi
høyre i blant anna opningssalmen, ”We shall
walk in peace”.
Høgdepunkta stod i kø. Det var alt frå
renessansemusikk til salmar og bedehussongar. To
verkelege høgdepunkt var salmane ”Eg veit i
himmelrik ei borg” og ”Med Jesus vil eg
fare”. Den siste hadde tonen frå ein
folketone frå Sykkylven. Veldig flott arrangert og
med eit særs dyktig kor.
Kyrkja var som venta heilt full, og Kyrkjehola
Kulturbeite kan nyte godt av nok ein suksess. Eva Hove
i arrangementskomiteen takka koret og Prots for
opptreden, og håpte at denne spesielle
konsertarenaen hadde også gitt koret ei spesiell
oppleving.
|