Kalde dagar
Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 09.02.2007
Det er godt å vere innomhus no når
gradestokken kryp nedover.
Vi har no heile veka hatt minusgrader på 15-16.
Svært uvanleg for oss sunnmøringar, som er
meir vande med regn og sludd.
Men vakkert er det, då. Når vi ser sola
nærme seg på dagane, det blir lysare,
måneskin og ein uhorveleg mengde stjerner på
kveldane. Fjorden ser trollsk ut med eit lag
frostrøyk.
Det er heldigvis meldt litt varmare, om enn ikkje
plussgrader. Får vi 3 - 4 minusgrader, så
kanskje vi greier å kome oss ut og nyte vinteren
og godveret. Snakkast i løypa!
Link til Storm
|