James Bond i Stordalshallen
Skrive av: John Kristian Hjelle
Innlagt den 07.02.2007
Det var full trøkk da eit samansett orkester av
Stordal og Valldal hornmusikklag heldt konsert i
Stordalshallen med musikk frå James Bond-filmane
laurdag 03.02.2007.
Med solistar, kordamer, komp og konferansier Terje
Aasen tok dei to hornmusikklaga tilhørarane med
på ein musikalsk rundtur gjennom historia til
James Bond-filmane, heilt frå byrjinga av
1960-talet og fram til våre dagar. Eit vellukka
samarbeid mellom desse to hornmusikklaga som også
kjenner kvarandre godt frå før. Under
korpscupen i Molde i oktober oppnådde dei saman
ein 3. plass i andre divisjon. Solistar under konserten
i Stordalshallen var Peder Vikenes, Ingunn
Drabløs, Odd Leif Tomren, Beate Kaggerud, Therese
Myklebust og Elin Dyrkorn, mens Grete K. Andersen,
Therese Myklebust og Beate Kaggerud utgjorde koret.
Ivar Holsvik, Kjetil Strand og Andreas Torvik stod for
kompet.
Nedanfor viser vi nokre bilder tekne på konserten.
Alle bilda er tekne av Steinar Dyrkorn.
|