Fin opning av Stordalstunet
Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 12.11.2006
Laurdag var det opning av Stordalstunet, og mykje folk
var møtt opp.
Ingrid Løset ønskte velkomen til dei
framøtte, og Tonika og Hornmusikken starta med ein
felles framføring av Stordalsongen. Det vart litt
meir musikk, for Ingrid Løset fortalde meir
frå histria til gamleheimen. Det var kuriositetar,
slik som at det aller første bygget kosta litt
over 10 000 å bygge!
Leiar i byggnemnda, Sindre Helland sa litt om
sjølve byggeprosessen. Dei hadde heile tida lagt
vekt på at eventuelle overskridingar skulle
vedtakast politisk, før dei vart gjennomført.
Det sto enno att litt på utsida, mellom anna
tilsåing av plen som må gjerast til
våren. Også statua "Liv og vatn" skal
etterkvar på plass.
Ordførar Charles Tøsse hadde også litt
å fortelje, før han erklærte
Stordalstunet offisielt opna. Dei ansatte og beboarane
vart æra for det tolmodet dei hadde under
byggeprosessen. Dei har haldt ut med bråk og
omflyttingar på ein veldig god måte.
Det vart så fleire musikkinnslag med Kristoffer
Olai Stavseng og Inna Krinicha og Maria Holan
Tøsse.
Tilslutt vart det etter god sunnmørstradisjon,
kaffi og kaker til dei frammøtte, og høve til
å sjå seg litt rundt på
”heimen”. Det var kommentert at det var
nesten som ein skulle ønske at ein kunne flytte
inn allereie.
|