Ein uforgløymeleg kveld med Ole Paus
Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 24.06.2007
Ole Paus er ein kjent satiriker/låtskriver, og ein
kveld i Rosekyrkja saman med han var ei oppleving av
dei sjeldne.
Eva Hove frå Kyrkjehola Kulturbeite ønskte
publikum velkomne, med spørsmål om nokon
hadde vore på konsert med Paus før. Ho spurde
også om nokon kunne noko av det Paus hadde skreve,
og nede frå salen vart det røysta i med ei
Ole Paus vise. Inn kjem så ein noko overraska Ole
Paus, imponert over velkomsten frå songaren, som
var Bjørnar Midtbust.
Men så tok Ole Paus over showet. Ei forunderleg
blanding av satire, sjølvopplevde episodar og mang
ei underleg fundering over livet. Ole Paus song om
”Tusjen og Porsjen”, ”Nå kommer
jeg og tar deg” og ”Ikke gjør som mora
di sier”. Ei fin blanding av det han har
komponert sjølv, og litt som andre har skrive. Han
har spurt Leonhard Cohnen om å få oversette
”Hallelujah” til norsk, og det fekk han lov
til. Framføringa var ganske ulik den noko
kommersialiserte versjonen vi er vand med.
”Musikkbransjens versting”, som han kalte
seg for omlag 30 år sidan, viste også ei
mjukare side, der han song salmar. Ekstranummeret var
ein vâr og hes ”O bli hos meg” og
dette var den tonen som ein nynna på veg heim. For
som Paus sa; ein av dei sterkaste tekstane som finst,
og – kan vi tilføye – med ei unik
framføring.
|