Det vårast!
Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 06.05.2006
Det er med glede vi no registrerar fleire
kjærkomne vårteikn.
Først og fremst ser vi at dalen vår endeleg
går frå brunt til grønt. Elvane veks seg
høge og sender lovnad om at no kan vi snart
køyre på Sætrane igjen. Bøndene
mykrar og husmødrene klagar over klesvasken som
må takast ein gong til.
Borna hiv det meste av klede og lurer på når
dei kan bade. Når vi har strålande sol og 20
varmegrader i byrjinga av mai, må det no snart
gå an??
Fleire plakatar kjem opp om opne kioskar. Både
Kokarsteinen og Campingen stiller med nye krefter i
år. Og jaggu blir det ikkje pub på
Overøye også!
Då kan ein berre lene seg tilbake i dei kvite
plaststolane med grått belegg og nyte livet. Vi
går ei fantastisk flott tid imøte.
|