Akupunkturtilbod i Stordal
Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 19.05.2007
Det har no kome enno eit tilbod innan helse. Byung Hwan
tilbyr akupunktur og andre tradisjonelle kinesiske
behandlingsmetodar.
Byung Hwan har budd fleire år i Stordal med
familien sin, og tek no steget til å starte sin
eigen praksis. Han har utdanning innan tradisjonell
kinesisk medisin. Her kan folk få behandling med
metodane akupunktur, moxa(varmebehandling),
kopping(koppar med vakum) eller kinesisk massasje.
Lidelsar som kan behandlast er m.a. hovudverk, migrene,
astma, fibromyalgi og bihuler.
Kinesisk Akupunktursenter Stordal held til i dei gamle
lokala til legekontoret på Stordalstunet, og vil
ha ope alle kvardagar kl. 09 - 18.
|