Stordalsportalen.no / Tema / Kva skjer / Prosjekt / Stordal Turlag
Ramslauk
StordalStordalStordalStordalStordalStordalStordal Stordal
Stordal
Stordal
Langsætrane
Webkamera Arena Overøye
Heimesider i portalen:
Stordal Arena Overøye
Stordal Kyrkjehola Kulturbeite
Stordal Nilsgardstunet
Stordal Stordal Alpin
Stordal Stordal Alpinsenter
Stordal Stordal Bedehus
Stordal Stordalskvartetten
Stordal Tonika
Stordal Stordal Elveeigarlag
Stordal Stordal Idrettslag
Stordal Alpin
Stordal Fjellservice
Stordal Hopp
Stordal Hovedgruppa
Stordal Langrenn
Stordal Stordalscup
Stordal Stordal Sogelag
Stordal Stordal Turlag
Stordal Stordalsferien

Stordal Attraksjonar
Stordal Opplevingar
Stordal Overnatt. Serv. Camping
Stordal Fiske
Stordal Jakt
Stordal Lokalt nytt

Stordal Arrangement
Stordal Glimt av Stordal
Stordal Bruktmarknad
Stordal Gjestebok
Stordal Kontaktskjema
DAGEN I DAG
22. oktober 2019 15:56:48
Namnedag:
Karianne - Karine - Kine
Søk i Stordalsportalen

Sitemap
Stordal Stordalsportalen
som startside (IE)
Logg inn admin

Stordal Turlag


Innlagt den 04.12.2006

Skipinga av Stordal Turlag er ei erkjenning av behovet for å få til meir organiserte tiltak kring det å kartlegge, beskrive og gjere kjent det utruleg flotte turterrenget som vi har over heile kommunen og innover mot våre grannebygder.

Kort om bakgrunnen for stiftinga av Stordal Turlag

I det etterfølgende listes opp nokre hovedpunkt som bakgrunn for stiftinga av Stordal Turlag.

Bygdeutviklingsprosjektet Øvre Stordal.

Dette prosjektet har arbeidd målretta over mange år for å utvikle verdiane som ligg i Øvre Stordal og Langsæterområdet.

Stordal Sogelag.

Dette laget har gjennom dei siste 3 – 4 åra dokumentert ei rekke historiske og kulturelle tema og verdiar knytt til Øvre Stordal og Langsæterområdet så vel som i heile Stordal Kommune. Sogelaget har knytt gode kontakter til grannebygdene våre også i samanheng med fjellturar.

Landbruksorganisasjonane.

Disse har engasjert seg i betydeleg grad for å rydde gamle vegar og stiar i store delar av Stordal Kommune i samarbeid med ovanforståande.

Samarbeidet mellom ovanståande prosjekt, lag og organisasjonar.

Det har vore eit utstrakt samarbeid som har drege i gang prosjektet Synleggjering, der Stordal Sogelag står i spissen for å lage informasjonstavler og retningsskilt som etter kvart skal settast opp i heile Stordal Kommune.Sogelaget har også allereie nedlagt eit betydeleg innleiande arbeid i å tegne turar inn på sine digitale kart. Mange personar har delteke i dette arbeidet.

Stordal Kommune.

Etter initiativ frå Stordal Kommune har det vore halde møter mellom mange aktørar i Øvre Stordal / Langsæterområdet for å kome fram til omforeinte visjonar og målsettingar for vidareutvikling av heile dette området. Stordal Kommune har også støtta økonomisk mange enkelttiltak i friluftssamanheng.

Stordal Turlag.

Skipinga av dette laget er ei erkjenning av behovet for å få til meir organiserte tiltak kring det å kartlegge, beskrive og gjere kjent det utruleg flotte turterrenget som vi har over heile kommunen og innover mot våre grannebygder. Dette sjølvsagt med det siktemål å få born, unge, eldre og alle slags brukergrupper ut i våre naturområder. Det å halde i hevd kulturlandskapet, verne om og bruk av naturen, kulturminner og miljøet er også eit fokusert område. Disse tiltaka vil også vere svært viktige for dei verksemder i bygdene våre som bygg på naturbaserte opplevingar. Men også alle andre bebuarar og verksemder vil ha stort utbytte og stor nytte av dette tiltaket. Du oppfordres herved til å støtte disse målsettingane ved å melde deg inn i Stordal Turlag.

Vidare invitasjon til samarbeid.

Stordal Turlag inviterer alle lag, organisasjoner og relevante instanser både innanfor og utanfor kommunen til samarbeid med utgangspunkt i laget sine vedtekter og målsettinger.

VEDTEKTER STORDAL TURLAG

1. Formål
Laget skal :
* Vere aktivt i å kartlegge / beskrive fjellturar med ulike vanskegrader i Stordalsfjella og mot nabobygdene
* Stimulere til allsidig frilufsliv
* Arrangere turer i Stordalsfjella og til våre grannebygder
2. Styre
Laget skal leiast av eit styre på 3 medlemer, med 2 varamenn, som vert valde for 2 år i gongen. Eit styremedlem skal stå på val etter eitt år, første året, og sidan vert det alternerande to-års periodar. Leiaren skal veljast på årsmøtet kvart år.
3. Årsmøte
Årsmøtet skal haldast seinast innan mars kvart år og behandle; Styret si Årsmelding, regnskap, økonomi, retningslinjer for framtidige aktiviteter i laget, fastsette kontingent og velge styre.
4. Medlemer
Som medlem kan vere enkeltpersoner eller familier med ein oppgitt hovedperson. Også utanbygds personer kan vere medlemer. Medlemene i laget har førsterett til å delta på turer og arrangement som laget står for.
5. Kontingent
Årsmøtet fastset kontingenten som skal betalast på forskot i januar for eitt år i gongen. Kontingenten er lik for begge framanforståande medlemstyper.
6. Vedtektsendringer
Forslag til endringer i vedtektene må ligge føre skriftleg minst 14 dagar før Årsmøtet. Endringer i vedtektene krev 2/3 fleirtal.
7. Oppløysing av laget
Vert laget oppløyst, skal eventuelle midlar overdragast til Stordal Sogelag. Årsmøtet avgjer oppløysing av laget, og det krevst minst 2/3 fleirtal.

FRÅ STIFTINGSMØTE 30. NOVEMBER 2006

INNKALLING TIL STIFTINGSMØTE FOR STORDAL TURLAG

STAD: GRENDASALEN

TORSDAG DEN 30. NOV. 2006 Kl 20.00

=============================

Som stiftarar og medlemer kan vere:

Både innanbygds og utanbygds personar og både enkeltpersonar og familier.
Ved innmelding av ein familie må det oppgjevast ein hovedperson for familien og seinare kva for andre personar som inngår i familien.
Begge disse to medlemsgruppene betaler same medlemskontingent.
For året 2007 er kontingenten sett til Kr. 100.- som må innbetalast til laget sin
Bankkonto nr. 3910.30.44999 seinast i løpet av januar 2007.
Førehandstegna stiftarar og medlemer
Det har foregått ei førehandstegning av stiftarar/medlemer frå 21.11. til 26.11.
Du kan også førehandstegne deg som stiftar/medlem fram til 29.nov.
Ta kontakt enten til Jan Helland eller Einar J. Hove
Vedtekter
Eit antal av disse stiftarane har utarbeidd laget sine vedtekter – som framgår på etterfølgende side.
Styret for 2007
Dei som har førehandstegna seg som stiftarar innan søndag den 26.11. vil gi innstilling til styre for Stordal Turlag for 2007. Dette styret vel sjølv eventuelle arbeidsutval og tillitsmenn, organiserer laget sine oppgåver og styrer laget si verksemd i tråd med vedtektene.
STORDAL TURLAG har følgende:
Postadresse: Postboks 135, 6259 Stordal
Bankkonto: 3910.30.44999
Utvida INFO – side i Stordalsportalen, sjå Stordalsportalen.no og derunder – Fritid/kultur – Lag og organisasjonar

Program for Stiftingsmøte i Grendasalen den 30. 11. Kl. 20.00

- Velkomen, frammøtte, generell informasjon, førehandstegning av stiftarar / medlemer
- Formell stifting av laget, vedtekter, val av styre
- Kort om arbeidet med å tegne turar inn på digitale kart v/Einar J. Hove
- Arbeidet med arrangering av turar i 2007 – samarbeid med andre lag og med ÅST v/Jan Helland og Hildegunn Berli
- Kort om bruk og nytte av GPS v/ John Kr. Hjelle
- Eventuelt

Om stiftinga

Aktører

Infoside  Stordal Turlag
Infoside  Stordal Turlag
Stordal
Stordal
© Stordalsportalen 2005 - 2012          Om Stordalsportalen       Kontaktskjema