Langsæterdagane
Innlagt den 19.11.2005
Stordal Sogelag tok i 2004 initiativet til å skape
ein tradisjon i bygda ved å lage til eit
årvisst arrangement på Langsætrane.
Dette var året då Den Store Hesteferda
også blei arrangert.
Denne hausten blei det då berre halde eit
arrangement over ein dag på Puskenstølen. I
2005 blei det lagt til rette for eit arrangement over
tre heile dagar, og dette vil truleg bli strukturen i
Langsæterdagane som ein årviss tradisjon
vidare.
I det etterfølgende kan du lese om innhaldet av
dei tre Langsæterdagane i 2005. Planlegginga av
Langsæterdagane i 2006 er no sett i gang, og ein
legg opp til omfattande og interessante dagar i
Langsæterområdet hausten 2006.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------
LANGSÆTERDAGANE 2005
ARRANGØRER I STORDAL: Bygdeutviklingsprosjektet
Øvre Stordal og Stordal Sogelag i samarbeid med
landbruksorganisasjonane og andre lag og
organisasjoner. Deltaking også av lag,
organisasjoner og skular i dei andre bygdelaga.
TROLLKYRKJEGARDSDAGEN
MØTEDAGEN MELLOM NABOBYGDENE
FREDAG 26. AUGUST
TROLLKYRKJEGARDEN EIN HISTORISK
STAD
Trollkyrkjegarden ligg inne på fjellet mellom
Langsætrane og Bøstølen.
Troll-kyrkjegarden var i gamle dagar ein møtestad
på fjellet mellom bygdene Stordal, Valldal,
Innfjorden, Måndalen og Tresfjord.
MANGE TURAR INN MOT OG STORT TREFF AV FOLK OG
DYR PÅ TROLLKYRKJEGARDEN.
Det vil bli arrangert turar med deltaking frå
Valldal, Innfjorden, Måndalen, Våg-stranda,
Daugstad, Tresfjord, Vaksvika, Dyrkorn og opp gjennom
heile Stordalen til Møtestaden på
Trollkyrkjegarden. Som turdeltakarar denne dagen
inviterer ein ei blanding av frilufts / turfolk,
hestefolk - med alle hesteraser - skuleklasser og andre
som er interessert i å delta på denne
historiske turen.
PROGRAM
TROLLKYRKJEGARDSDAGEN FREDAG DEN 26. AUGUST 2005
Turar frå omliggande bygder og inn til
Trollkyrkjegarden
- Heste - / friluftsgrupper og skuleklasser
møtest på Trollkyrkjegarden
- Leirslagning - Hestestell - Prøveridning
- Forteljing om Kulturminner, Fjella og Naturen i
dette området
- Uteskule ved Friluftsrådet / Kulturavdelinga
på Molde
- Bålbrenning - Grilling - Matlaging
- Historieforteljing
- Kveld ved Elvabytet og Trollkyrkjegarden
EIN TEK ATTERHALD OM MINDRE PROGRAMENDRINGAR.
ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE TIL Å DELTA PÅ
TURANE OG MØTET PÅ TROLLKYRKJEGARDEN.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------
LANGSÆTERDAGANE 2005
ARRANGØRER I STORDAL: Bygdeutviklingsprosjektet
Øvre Stordal og Stordal
Sogelag i samarbeid med landbruksorganisasjonane og
andre lag og organisasjoner. Langsætrane er
fellesnavnet på dei to stølane Kvitlane og
Pusken. Her hadde dei 40 nederste gardane i bygda
stølsdrift fram til midten av 1950 - talet.
KVITLANEDAGEN
OPPLEVINGS - OG LÆRINGS-DAGEN LAURDAG DEN
27. 8.
Dagen starter med TURMARSJ frå Overøye.Det er
lagt opp til mykje læring og oppleving
denne dagen. Programmet er fordelt på to
områder; på sjølve stølen og nede
ved elva / brua
nedanfor stølen. På begge plassane
foregår mange aktiviteter frå Kl. 1030 og ut
heile dagen
PROGRAMMET PÅ SJØLVE
KVITLANESTØLEN
- Visning av kva slags produkt dei laga frå
mjølka på stølane i eldre tider
- Ysting, kjinning, koking av dravle; visning,
smaksprøver og framgangsmåter for tillaging
av mange slags produkt
- Visning og demonstrering av utstyr og reiskapar som
blei brukt
- Mange stiller ut varer for salg på
Bøndenes Torg på Langsætrane.
- TINE, GILDE, MATTILSYNET OG STORDAL SOGELAG stiller
med informasjonsstand om deira produkter og
aktiviteter.
- Holt Gardsmat og Nilsgardstunet sel enkelte
spesialprodukt, tørrmat, kaffi, saft og brensnut /
kjøtsuppe
PROGRAMMET VED ELVA / KVITLANEBRUA
- Visning av byggekonstruksjoner / bygg av Isolaft,
Grindlaft og Steinalderbolig (Fletteverksbygg )
- Visning av produkt / konstruksjoner frå Amdam
Sag, Øvrebust Sag og Mørelaft
- Stands - og informasjon frå; DIN TUR,
Husfliden i MRF, Uteskule ved Skogselskapet i MRF,
- Valldal Naturopplevinger, Liabygda Speidarar,
skyting med pil/boge m.m.
- Gullgravarleiren med mineralutstilling, skjerping
etter gull.
- Undervisning i mineralogi, geologi og biologisk
mangfold
- Tillaging og servering av "utemat"
EIN TEK ATTERHALD OM MINDRE PROGRAMENDRINGAR.
ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE TIL KVITLANEDAGEN. TA MED
HEILE FAMILIEN - HER ER NOKO Å LÆRE OG
OPPLEVE FOR ALLE.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------
LANGSÆTERDAGANE 2005
ARRANGØRER I STORDAL: Bygdeutviklingsprosjektet
Øvre Stordal og Stordal
Sogelag i samarbeid med landbruksorganisasjonane og
andre lag og organisasjoner. Langsætrane er
fellesnavnet på dei to stølane Kvitlane og
Pusken. Her hadde dei 40 nederste gardane i bygda
stølsdrift fram til midten av 1950 - talet.
PUSKENDAGEN
GUDSTENESTE OG UNDERHALDNINGSDAGEN SUNDAG DEN
28.8.
Denne dagen starter med TURMARSJ frå Overøye
som går via Kvitlane og
vidare til Puskenstølen. Her blir det først
Gudstjeneste. Deretter eit variert program
og sal av rjomegraut, brensnut / kjøtsuppe, saft,
kaffi og tørrmat
HOVEDPROGRAMOVERSIKT
Kl. 10.30 Turmarsj:
Overøye - Kvitlane - Pusken
Alle som deltek blir med i ei trekning med mange
premier. TRADISJONSSNOP blir delt ut til borna
ved Kvitlanebrua.Start på parkeringsplassen
på Overøye. Får der utdelt nr.
lodd for seinare trekning.
Kl. 11.00 - 12.00
Rast ved Andersselet på Kvitlane.
Litt underhaldning ved sela og sal av lefser,
kaffi, saft frå Holt Gardsmat.
Kl. 12.30 - 13.30
Gudsteneste på Pusken:
Hornmusikken spelar til salmesongen
Kl. 13.30
Rjomegraut, Kjøtsuppe, sætermat,
lefser, kaker, kaffi, saft v/Toreselet
Maten kjem frå Nilsgardstunet og Holt
Gardsmat
Kl. 14.00 - 16.00
Mange programinnslag
med innlagte prate og kaffipauser.
|
PROGRAMINNSLAG
MELLOM KL. 14.00 OG 16.00
- Stordal Hornmusikk
- Trekning av premiar frå turmarsjen
- Gamle instrument ved Dagfinn Nupen
- Stordals unge røyster - barnekoret
- Ferdafolk - Ingunn Linge Valldal og Knut Ivar
Bøe
- Salmer, viser og Pop ved Gruppa SMAUG, 4
musikarar med variert program
- Kanskje kjem Peer Gynt forbi - og Den
Grønkledde
EIN TEK ATTERHALD OM MINDRE PROGRAMENDRINGAR
|
ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE TIL PUSKENDAGEN 28.8.
TA MED HEILE FAMILIEN TIL EIN MINNERIK DAG PÅ
DENNE LANGSÆTERSTØLEN.
|